Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

90-årsfeiring på Stårheim

Bedehuset på Stårheim er flott oppussa.
Foto: Foto: Johan Olaf Nome

Magnar Bødal ønskte alle velkomne, og bad oss samle oss i songen «Rop det ut med hjertets jubel.» Han meinte vi hadde ein god grunn til lovprising når vi såg kor vakkert bedehuset hadde blitt.

Andakt og song
Reidar Dalsbø heldt andakt. Han er ein av dei som har gjort mykje for Samlingsheimen. Han fortalde om bedehuskulturen i landet vårt. I Nordfjord er det 21 bedehus. Første bedehuset i landet vart bygt i Hjelmeland i Ryfylke for 174 år sidan. Han hadde som opningsord Jesaja kap. 12, som er ein takkesalme. «Jesus er her midt i mellom oss.»

Stårheim Barnekor leia av Elena Starheim song 6 songar til oss, ein festleg gjeng som det er ei glede både å sjå og høyre. Henny Nyberg og Solveig Orheim Nome framførde songen «Det gamle bedehuset.» Vakkert og stemningsfullt. Matias Orheims vakre song  «Ved Jesu føter ei stille stund» vart brukt som allsong, før ungdomsprest Kåre Mikal Kristoffersen heldt festtalen. Han tok utgangspunkt i Joh. 11, v. 17 og følgjande, der Jesus vekkjer opp Lasarus. Ei gripande og lett forståeleg tale.


Fest og glede

Sjølvsagt høyrer eit veldekka festbord med på ein slik kveld, og det mangla ikkje på herlege smørbrød og flotte kaker. Praten gjekk livleg rundt borda, det var mest ikkje råd å høyre «mannemål.»

Det vart høve til å gje ei jubileumsgåve til Samlingsheimen, medan Solveig spelte «Din rikssak Jesus vere skal, min største herlighet.» Systrene Jorunn Ytrehauge og Solveig Nome hadde ein vakker duett med songen «Jag har hørt om en stad ovan molnen.»

Attersyn og helsingar
Vi fekk eit attersyn ved Magnar Bødal, om historie og tradisjonar til Samlingsheimen. Historia går heilt attende til 1877, altså mykje eldre enn Samlingsheimen. Det er viktig å ta vare på tradisjonane, men som det står i songen:» Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.»

Svein Ottar Sandal, utsending Normisjon, helste jubilanten med eit ord frå Filipparbrevet: «Eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne, heilt til Jesu Kristi dag.» Han hadde og med eit minneskriv til å hengje opp, vakkert innramma.

Håvard Orheim helste frå Stårheim Sokneråd, hadde og med gåvesjekk på kr. 1000.

Magnor Myklebust hadde og lyst til å helse jubilanten. Det gjorde han med Salme 118, v. 23 og 24: «Dette er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge. Dette er dagen som Herren har gjort, lat oss jubla og gleda oss no!»

Solveig Nome avslutta med eit ord frå 1.Korinterbrev: «Eg takkar alltid min Gud for  dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus,» før vi alle samla oss i songen «Navnet Jesus blekner aldri.»

Heilt til slutt lyste Reidar Dalsbø velsigninga.