Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Destinasjon: alle folkeslag

Frå innviinga av Det nye testamentet på sherpaspråket i Nepal.
Foto: Foto: Caleb Sherpa

«Da moren og faren din kom, kjente vi ingen ting til vår Far Guds ord. Vi levde helt vilkårlig. Vi hadde hørt om vår Far Gud, men vi kjente han ikke. Noen ganger gikk vi til gudstjeneste langt av sted nede på Berema, og senere nede i dalen i Ikara, men vi forstod ikke det som ble sagt. ... På den tiden kranglet og sloss vi mye, vi drepte hverandre og gjorde mange stygge ting, vi delte ikke med fremmede, men var gjerrige og holdt alt for oss selv.

Nå gjør vi ikke det lenger. Vi lever sammen med folk i de andre landsbyene og vi hjelper hverandre. Om noen kommer hit, gir vi dem mat og vi sender dem mette av sted. Vi passer på hverandre, det gjorde vi ikke før. ... Men nå har vi lært vår Far Gud å kjenne.»


Ord med sprengkraft
Sitatet ovanfor er henta frå boka «De skjulte ordene» av Sigmund Evensen. Han og familien budde ca. 20 år blant umanakainafolket på Papua Ny-Guinea. Der lærte dei umanakainaspråket, laga eit skriftspråk for umanakaina og steg for steg omsette dei Det nye testamentet saman med umanakainarane.

Dette sitatet skildrar ei markant endring som skjedde blant dette folket etter kvart som dei fekk Guds ord på sitt eige språk. Det var ikkje Evensen og familien som fortalde folket kva som var rett og gale. Dei let umanakainarane sjølve oppdage det gjennom å bli kjende med evangeliet. Då dei gjennom ein lang prosess fekk det på sitt eige språk, sa dei mellom anna: «Disse ordene sma­ker søtt som vill­hon­ning» og «Disse ordene skal bygge hus inni oss». I dag står den kristne kyrkja blant umanakainarane på eigne bein.

Evensen til haustmøtet
Sigmund Evensen frå Wycliffe delte gripande historier frå dette arbeidet under haustmøtet på Vereide siste helga i oktober. Han understreka kor viktig det er at alle menneske får «Guds kjærleiksbrev» (Bibelen) på hjertespråket for at dei skal forstå det, også om ein høyrer til ei lita etnisk folkegruppe.
   - Gud sender sitt kjærleiksbrev til «c/o mine venner», for at vi skal bringe det vidare til dei som endå ikkje har fått det på deira språk, heldt Evensen fram.
Den erfarne misjonsmannen kom til slutt med ei oppmoding om å våge å satse på det Bibelen seier og setje det ut i livet:
   - Eit skip held rett kurs berre når det er i rørsle. Har det ikkje framdrift, kan det heller ikkje styrast. Slik er det med oss kristne og; vi må vere i rørsle.

Den høglytte applausen som Evensen fekk til slutt, viste at bodskapen hans engasjerte både folkehøgskuleelevar og tilreisande frå heile Nordfjord.

Oppdraget er ikkje fullført
Evensen presenterte også statistikk som viser at det framleis trengst iherdig misjonsinnsats:
Det er rundt 7000 språk i verda i dag. Av desse har 2883 språk enten heile Bibelen (531), Det nye testamentet (1329), eller minst éi bok i Bibelen (1023).
Om lag 1,3 milliardar menneske manglar heile Bibelen på morsmålet, men over 634 millionar av desse har NT.
Det går føre seg omsetjing eller språkleg utvikling på 2195 språk. Og det er eit sannsynleg behov for bibelomsetjing på 1860 språk. Ca. 180 millionar menneske snakkar desse språka.

Deler fokus på bibelomsetjing
Wycliffe er ein organisasjon som har hovudfokus på bibelomsetjing. Sjølv om Normisjon har eit breiare fokus, er det også svært viktig for Normisjon at folkeslag skal få Bibelen på deira eigne språk. I fleire tilfelle samarbeider NormisjonogWycliffe.

Tolmodig arbeid gir resultat
Bibelomsetjing til sherpaspråket i Nepal er eit døme der både Wycliffe og Normisjon har vore engasjert. Ein 47 år(!) lang og vanskeleg prosess som vart avrunda i vår, gav endeleg resultatet: Det nye testamentet (NT) på sherpaspråket. Innviinga vart ein stor fest med festkledde sherpaer og mange besøkande. I etterkant har kristne sherpaar gått rundt til landsbyar med NT på sherpa og fortalt den glade bodskapen.

Nyleg vart NT innvia på tshangla-språket i Bhutan, etter 23 års innsats der både Wycliffe og Normisjon har vore med.

Guds ord blir spreidd i Mali
I Mali har Normisjon vore involvert i omsetjing av NT til kassonké og malinké. Misjonærame Karina Lassen og Gimmi Olsen har sendt fleire brev om korleis Ordet blir spreidd ut til store delar av kassonkéane gjennom radiostasjonar som villig brukar sendetid på bibelhistorier. I tillegg har mange kassonkéar fått lydfiler frå Bibelen inn på mobiltelefon som dei går og høyrer på.
- Draumen er at menneske blir født på ny ovanfrå av Guds Ord og Anden, og ikkje nedanfrå på grunn av forventningar om pengar og arbeid frå misjonærane, uttalar Gimmi Olsen.