Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledige stillingar på Nordfjord folkehøgskule

Foto: Foto: David Zadig

Vi leitar etter nye kollegaer til ein svært spennande arbeidsplass!
Nordfjord folkehøgskule har ledig følgande stillingar som friluftslivlærar frå 01.08.15:

Ei fast stilling i 100 %.
To vikariat i 100 %.
Det eine vikariatet knyter seg til pliktteneste i militæret, og er slik lite sannsynleg at vert forlenga. Det andre vikariatet har større utsikter til forlenging.

Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring frå ulike typar friluftsliv, og som er oppteken av å realisere skulen sin visjon og mål for elevane:
Vi vil sette spor under ein open himmel
   · Vi vil formidle kunnskap
   · Vi vil skape glede over naturen og i naturen
   · Vi vil legge til rette for kristen tru og vekst
   · Vi vil inspirere til ein gjennomtenkt livsstil
   · Vi vil vere trygge og gjere andre trygge


Desse tre stillingane er knytte til rolla som linjeleiar på Nordfjord folkehøgskule, noko som innebærer planlegging, gjennomføring og oppfølging av turar, ekskursjonar og andre pedagogiske opplegg.

Sosialpedagogisk arbeid ligg inne i alle stillingane, og er ein viktig del av vår måte å jobbe på. Ein ser det òg som ein fordel om nokon av søkjarane har kjennskap til skulen sitt nærområde.

Normisjon region Sogn og Fjordane eig skulen. Dei som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen byggjer på og aktivt fremje dette.

Vi byr på eit entusiastisk og godt arbeidsmiljø med kompetanse og fasilitetar som legg til rette for spennande fagleg breidde og utvikling.

 Løn etter gjeldande tariffavtale, og gode arbeidstidsavtaler.

Spørsmål til stillingane kan rettast til rektor Hildegunn Gj. Tennebø, tlf. 57 86 80 41, e-post: hildegunn@friluftslivskulen.no eller avdelingsleiar i friluftsliv Per Momrak tlf. 911 30 626, e-post: per@friluftslivskulen.no).

Søknad med CV og referansar kan sendast i posten eller på e-post kontor@friluftslivskulen.no. Søknadsfrist er 1. mars 2015.

 Les meir om Nordfjord folkehøgskule her.