Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Tenåringer døypte i Quito

Foto: Åse Røsvik de Vargas

Slik var det for foreldra til Mishelle (18) og Nicole (15) Villavicencio . Dei syns rett og slett at det ikkje var viktig med dåp, - for så vidt heller ikkje religion. Men i nabolaget i Quito ligg den lutherske kyrkja, og pastorparet der bad for familien,og spesielt om å få kontakt med barna. Den første kontakten kom då naboane trengte ei skrivemaskin til eit kurs. Pastorfamilien hadde litt eldre barn, så kanskje dei hadde ei skrivemaskin til låns? Det ordna seg, og i dag, fleire år etterpå, er dei to jentene aktivt med i ungdomsgruppe, gudstenester, ei celle for disippelgjering og leirar.

For nokre veker sidan arrangerte kyrkja gudsteneste med festprogram som avslutning på disippelkurset dei har gjennomført det siste året . Søstrene hadde alt bestemt seg for å la seg døype, så gudstenesta vart lagt til ein baptistisk leirstad med dåpsbasseng. Faddarane er ungdomsledere i dei to lutherske kyrkjelydane i Sør Quito, og gode venner og førebilete.

Foreldra til Mishelle og Nicole syns det er fint at jentene er aktive i kyrkja. Då dei vart invitert til dåpsselskap med kake og gode ord i etterkant av dåpen, var det første gong dei besøkte ei kyrkje på 10 år. Dei var simpelthen overvelda og veldig takknemlege over at døtrene vart feira så personleg og fint. Kanskje forandrar dei også syn på religion etter kvart?