Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Vår på fire hjul

Foto: Foto: Odd Harald Halse

Når vinden tutar rundt hushjørna, fjella er gøymde i eit skoddehav og regnet regnar i altfor store mengder, då går det faktisk an å vere inne. Også på friluftslivskulen. Og eit godt tiltak slike dagar, er å vere på sløyden for å førebu våren.

I løpet av vinteren er det mange elevar som har laga seg longboard på Nordfjord folkehøgskule. Om du ikkje kjenner deg heilt oppdatert på dette omgrepet, så er det enkelt forklart ei litt lang og passeleg brei fjøl med fire små hjul. Fjøla dekorerer du etter smak og behag, og deretter tek du den med ut på asfalten. Du plasserer fjøla på asfalten, med hjula ned, plasserer deg sjølv ståande oppå fjøla, med hjelmen på, og så er det vår.

Nordfjordnatur og annan natur kan nemleg nytast frå eit slikt longboard, der du susar i passeleg susande fart bortover og nedover vegen. Men første punkt er altså å ta turen innom sløyden. God vår!

Det er ei eiga kjensle å stå på eit sjølvlaga longboard!  Fotograf: Harald Undheim.