Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Besøk på barneskolen i Shushilcon

Foto:

Til musikk frå typiske instrumentsom charango, gitar, panfløyte og rytmeinstrumentdramatiserer dei eldste elevane songen: DESPIERTA, «Våkn opp».«Bror, gi meg handa di, vi skal vandre saman, saman i Kristus,»syng dei med utstrakte hender og dansande føter. Kanskje er detbarna i norske barneklubbar dei syng til? For denne dagen får dei møte leiarar for Amigos-klubbane i Normisjon.Dei er på reportasjetur til skulen. I løpet av det komandeåret skal dei vise film og lage aktivitetspakke for desse klubbane i Norge.

Og elevane på barneskulen i Shushilcon opptrer gjerne.Nokre av dei blir intervjua om kvardagen sin i denne bygda i Andesfjella. Den er kanskje litt forskjellig fra kvardagen til barn i Norge? Både gutar og jenter har faste oppgåver heime, med pass av småsøsken, stell av husdyr og luking av ugras i åkrane. Det er mykje å gjere for småbøndene i bygda. Mange reiser også til byenfor å få ei ekstrainntekt. Derfor må alle må bidra heime. Også dei yngste barna. Elevane er kledd i skuleuniform. Gutane i kvit skjorte, raudv-gensar og dressbukse slik det er vanleg for dei fleste skuleelevane i Ecuador. Forskjellen er at dei kan bruke poncho somyttertøy. Det gjeld berre for dei tospråklege skulane på indianerbygdene. Jentene har typiske indianarblusar og skjørt med finebroderi. Det er flott at kultur og tradisjonar har fått lov å settepreg på skuleuniformane dei siste åra!

Barneskulen i Shushilcon er fådelt. I klasserommet til førskolenlærer dei eldste barna bokstavar og tall, medan gruppa med 3-4åringar teiknar og formar. Ganske utfordrande å halde styr på 20 aktive småungar som til og med treng individuell hjelp. Aktive er også mange av dei eldste. Ute på skuleplassen har dei fått tre badeballar. Det blir leikekrig mellom jenteflokken og ein del avgutane. Ein av ballane hamnar på eit tak, og den som klatrarfortast opp, får den kasta over til sin gjeng. Spontant står dei brått i ring og vil lære ein ny leik. Ideane haglar. Barnesongen om den farlege ulven som vil fange barnasom går på tur i skogen er populær. Skule er skule og barn er barn. Så kanskje er det ikkje umogeleg å bli venner på tvers av grensene?

Frå ei fjellbygd i Andesstrekker iallefall barna barna ut hendene og inviterer til vennskap med barn i Norge.