Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarleirar på Teigen

Kjekke sjøaktivitetar på Teigen.
Foto: Acta Sogn og Fjordane

Teigen
Teigen er leirstaden vår som ligg i Eikefjord i Sunnfjord. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg heilt i sjøkanten og her er badeplass og stupetårn, vi har robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal og ei fotballbane, volleyballbane, bålplass, steinkapell og mykje meir
Leir på Teigen kan by på supre opplevingar saman med gode vener og kjekke leiarar. Her blir det spel, leik, sommaraktivitet og Jesusfokus! Gled deg til leir på Teigen!

Amigosleir
12.- 14. juni (fred.-sønd.) / 1.-4. klasse / kr 650,-

Tweensleir  DESSVERRE AVLYST (på grunn av få påmeldingar)
22.- 25. juni (månd.-tors.) / 5.-8. klasse / kr 800 

De finn meir informasjon under kvar leir. 

Påmelding
Påmelding gjer du helst her
Du kan også sende ein e-post eller ringe oss. Frist for påmelding 7 dagar før leirstart. Påmelding etter fristen vert 100,- i tillegg på prisen