Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Volontørar til Kamam på Sri Lanka

Camilla Hylland Skogheim og Maiken Molden Jensen
Foto: Arne Håberg

Dei to er Maiken Molden Jensen, som har vore stipendiat, og Camilla Hylland Skogheim, som har vore miljøarbeidar. Begge har besøkt Kamam tidlegare, gjennom studieturar og ved opninga av skulen. Dei skal arbeide saman med staben ved skulen og delta i undervisning, fritidsaktivitetar og førefallande arbeid. Ikkje minst skal dei vere med på å formidle kva folkehøgskulekultur er for noko.

30 elevar på det andre kurset starta ved skulen i slutten av april. Både Maiken og Camilla gler seg veldig til å få vere med på å arbeide for den skulen dei har vore med og samla inn pengar til.

Meir om Sunnfjord folkehøgskule på www.sunnfjord.fhs.no