Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ny acta-arbeidar

Katarina Aabrekk
Foto: Privat

Stine Hopland tek over etter Marius Økland som Acta-leiar, medan Katarina Aabrekk frå Olden går inn i stillinga som acta-arbeidar.

Katarina er 25 år gamal, og nyutdanna lærar frå Universitetet i Oslo og Høg-skulen i Volda innan faga kristendom, historie og nordisk. Katarina er glad i å arbeide med menneske, og ser på ein jobb i Acta som både spennande, utfordrande og meiningsfylt. Ho spelar piano og syng, og brenn for at barn og unge skal få høve til å bli betre kjent med Jesus.

Katarina vil starte i stillinga 15. juni, og vil delta på dei fleste av leirane på Fjordly i sommar. Til hausten vil ho ha 50 % av stillinga si retta mot arbeid i Sunnfjord, men med kontorstad på Sandane saman med resten av staben. Vi ynskjer Katarina velkommen i staben, og gler oss over at ho er vår nye medarbeidar i Acta. Ta henne med i bøn!