Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Livleg dugnad og sommarfest på Holmely

Foto: Eva S. Langseth

Folk kom til dugnaden med både arbeidsglede og iver. Veggar ute vart vaska (klare til maling), tre vart felt, småkratt klipt vekk, blomsterbedd stelte og gras vart slege. Inne vart det også gjort forskjellig nyttig og flott arbeid. Det er tydelegvis eit godt engasjement for at Holmely skal vere ein fin plass å komme til.

Sommarfest
Laurdag kom det endå fleire til sommarfesten. Maten vart grilla ute, men mørke skyer på himmelen førte til at festen vart i ei fullsett daglegstove. Eva S. Langseth leia festen og retta stor takk til alle som støttar Holmely gjennom både forbøn, økonomiske gåver og andre gåver, og gjennom praktisk arbeid og oppmuntringar.

Avtroppande regionleiar i Normisjon Sogn og Fjordane, Jan Magne Moi, fekk ei lita overrasking då to utkledde «mafia-pensjonistar» kom og ville «halde han fast» her i regionen. Han fekk takk for innsatsen overfor både Fjordly og Holmely. Sjølv kom han med gode ord om Holmely og det flotte arbeidet som vert drive på staden.

Jan Gudmund Skrivervik song vakre, sjølvkomponerte songar. Ingebjørg Isane Fure heldt andakt.

Vikarleiar vart presentert
Ei ny dame vart presentert under festen: Hilde Balsnes Lande frå Volda. Eva S. Langseth skal ut i morspermisjon 15. september. Då er det gledeleg at vikarierande dagleg leiar er allereie i boks.
Hilde er utdanna barnevernspedagog, og har mann og tre barn. Ho uttrykte begeistring over Holmely og gler seg til å begynne i denne tenesta. Meir presentasjon om henne kjem seinare.

I det heile vart dette to dagar med mykje godt arbeid for Holmely, i tillegg til at det såg også ut som folk kosa seg og fekk mykje godt tilbake.  
Holmely-styret var sterkt involverte desse dagane. 

Sjå også bildeserie under. 
Foto: Eva S. Langseth, Jan Magne Moi og Ingebjørg Isane Fure.


Ønskjer du å gje ei gåve til Holmely? Holmely sitt kontonr:  3000.14.72204. Merk gåva "tak" dersom du vil støtte takprosjektet. Nytt dekke er lagt, men det trengst fleire gåver for å dekke heile kostnaden. Ei oversikt over utgifter og gåveinntekter til takprosjektet kjem når  siste store faktura frå taktekkar har kome.