Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Takk til Jan Magne og Marius

Marius og Jan Magne.
Foto: Ryan Burch

Jan Magne Moi starta som regionleiar hausten 2006. I ni år har han periode-pendla mellom Sandane og Tysvær i Rogaland. Med andre ord utallege mil for tenesta i regionen, for å ikkje snakke om alt han har køyrt rundt omkring på foreinings-besøk og styremøte. Mange har sett stor pris på den jordnære og inspirerande forkynninga hans, i tillegg til ytremisjonsengasjementet som han har skapt.
Jan Magne har også fylgt godt opp einingane i regionen, og har leia regionsøkonomien med stødig hand. Ein god «altmulegmann»! Siste to åra har han hatt 50% regionleiarstilling.

Marius Økland kom som eit kjærkome bønesvar i 2009, etter ein periode utan Acta-leiar. Mange har fått gleda av å bli kjent med han på leirar, lagsbesøk og andre samlingar. Ein god formidlar og kontaktskapar overfor både unge og vaksne. Sidan 2012 har Marius delt stillinga som Acta-leiar og administrasjonsleiar. Effektiv forvalting, systemskapar og «IT-kongen» er ord som skildrar tenesta hans på kontoret.

Begge karane har hatt brennande visjonar, og har vore med og leia Normisjon Sogn og Fjordane mot ny oppdrift.

Marius med familie flyttar heim til Bømlo, medan Jan Magne avsluttar pendlarlivet og blir buande i Tysvær. Det er trist at dei flyttar, men samstundes er det mykje takksemd som ligg bak når vi i staben og mange fleire no seier: Tusen takk for tenesta, Jan Magne og Marius!

Takk også til Solrun, kona til Marius, for flott, frivillig engasjement!
Og til Ingunn, kona til Jan Magne, som har "lånt vekk" Jan Magne i så mange år!