Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarmagi!

Moro med «Zip-line» på Teigen.
Foto: Acta Sogn og Fjordane

I løpet av juni og juli var det seks leirar på Fjordly og Teigen. Minileir, Amigosleir, Tweensleir 1 & 2, samt Tenleir og Familieleir. Til saman 270 deltakerar, pluss sommarteam og mange frivillige leiarar og kjøkkenhjelper var innom sommarleirane til Acta i Sogn og Fjordane.

«Zip-line» på Teigen
Det er vanskeleg å trekkje fram eit høgdepunkt etter ein leirsesong, for dei var det mange av. På Teigen var «Zip-line» eit av høgdepunkta, der både små og store kasta seg utfor med stor entusiasme. Ryktet fortel til og med at mange droppa å gå i kiosken fordi dei ikkje ville miste plassen sin i zip-line køa. Det er stas med nye og kjekke aktivitetar på leirstadane våre.

Fjordly
På Fjordly starta sommaren med minileir der over 90 små og store var samla. Minileir er kjempepopulært, og born heilt ned i fire års alderen storkosa seg med å starte sommaren på leir. Leir er leik og moro, inneliv, sjøliv, uteliv og hytteliv. Leir er spennande for både små og store, og ikkje minst er det spennande å sjå kva Gud gjer i den enkelte og i fellesskapet!

«Elisja, - med link til Jesus»
Bibeltimane på barneleirane denne sommaren har handla om «Elisja, - med link til Jesus». Der vi har trekt linjer frå det gamle testamentet, gjennom det nye og fram til i dag. Vi har og hatt samarbeid med både Bibelleseringen og kyrkja i løpet av sommaren. Det er kjekt å kunne jobbe saman mot felles mål: Å formidle Jesus til born og unge i fylket vårt!

Sjå bildeserie under. Fleire bilde kjem seinare.