Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fine haustdagar

Foto: Berit Bakke

Helga 19.-21. september arrangerte Den norske Israelsmisjonen og Normisjon haustdagar på Helgatun. 

Årets talar var Annbjørg Hesselberg (f. Eiksund) er opprinnelig fra Naustdal i Sogn og Fjordane, men no busett i Trøndelag. Ho er utdanna lærar og var i mange år tilsett i NMS i Hordaland. Ho har vore misjonssekretær for Israelsmisjonen i Trøndelag i fleire år.

Det var god forkynning til inspirasjon og oppbygging og blant bibeltimar med fylgjande tema: «De første kristne kirkene» og  «På søk etter Herrens gjerninger i Bibelens salmer» 

Mange nytta høve til å få seg ein fjelltur til Vetlebotn til fots eller bil, der me vart servert lappar og kaffe, mens andre slappa av eller fann bær. 

Laurdag ettermiddag tok sokneprest John Ove Taule, oss med inn i Per Sivle sin verden, og her fekk med servert blant anna interessant lokalhistorie og små Sivle -stubbar. Den mest kjende songen til Per Sivle måtte me synge: « Den fyrste song me høyra fekk». 

Laurdagskvelden var via misjon med nytt frå Normisjon og Den norske Israelsmisjonen. Kjekt å kunne dele med kvarandre og vite at ein står i det same arbeidslaget men på ulike områder og song og musikk fekk me av Hildebjørg (vokal) og Olav Trå (trekkspel).

Sundag vart helga avslutte i Vinje kyrkje til misjonsgudsteneste med John Ove Taule og Annbjørg Hesselberg talte, før me avslutta helga med middag på Helgatun. 

Inntrykket er at det vart ei fin helg, og det var kjekt at det var nokon deltakarar som var med for fyrste gong.