Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ein gullfisk-kristen?

Foto: Ingebjørg Isane Fure

Eg innrømmer det. Eg er gløymsk. Eg har skulda på ammetåka, eg har skulda på søvnmangel, eg har påstått at eg har aaaltfor myykje å tenkje på, og eg har påberopt meg alzheimer light. Eg har rett og slett hukommelse som ein gullfisk (sjølv om nokon påstår at denne dårlege gullfisk-hukommelsen berre er ei myte).

I Bibelen står det om eit heilt folk med gullfisk-hukommelse, Israels-folket. «Snart gløymde dei det han hadde gjort, og venta ikkje på meir råd frå han» (Salme 106,3). Israels-folket såg Gud natt og dag, i form av ei skysøyle om dagen og ei eldsøyle om natta. Han flytta på eit heilt hav for deira skuld. Han fiksa brød som regna frå himmelen og vatn rett ut av hardaste fjellet.
Likevel skjer fylgjande; Israels-folket blir redde, dei gløymer at Gud er med dei, og så byrjar dei å rote rundt på eiga hand. Eller kanskje er det omvendt. Dei gløymer at Gud er med. DÅ blir dei redde, og byrjar å gjere feil.

Det kan vere at gullfisk-hukommelse er hardt å få bukt med. Kan vere at det skjer igjen at eg gløymer å ta med lommeboka på butikken. Men eg vil IKKJE gløyme alt det gode Gud har gjort i livet mitt, dei gongane han har vist meg vegen vidare, når han har kviskra sårt tiltrengde ord i hjertet mitt. Eg vil ikkje gløyme at eg har erfart at Gud er ein levande Gud som virkar! Eg vil IKKJE vere ein gullfisk-kristen!

Eg snakka med ei anna gullfisk-dame i sommar. Ei som også ville ta vare på Guds nærvær i livet sitt. Ho sa at det finst ein app. Ei slags dagbok på mobilen der ho skriv ned alt Gud gjer i livet hennar. Eg vil ha ei notatbok, strategisk plassert. To minutt mindre med Facebook, gir to minutt til å skrive ned det som ikkje må gløymast. Eg vil hugse at Gud er med, eg vil ikkje la frykta ta overhand, og byrje å rote rundt på eiga hand.

«Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn, bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke. Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.» 5. Mos. 11,18-19.