Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Bibelgruppa i Førde

Ungdomar samla på bedehuset.
Foto: Privat

 På bedehuset  har dei felles middag, med prat og latter, før dei har fellesskap med bibel og bøn. Det er også god tid til nokre rundar bordtennis for dei som ønskjer det.
Gruppa har helde på nokre år, og talet på ungdomar varierer sjølvsagt noko. I det siste har dei likevel vore ei ganske stabil gruppe på rundt 15 personar, og ein jobbar no med korleis ein best mogeleg kan organisere samlingane framover. Ungdomane er hovudsakleg frå Førde-området, men nokre tek også turen frå Florø for å vere med på samlingane.

Gruppa deler visjonen til Førde Normisjon, og ønsket er at Bibelgruppa «skal vere eit levande og veksande fellesskap som tilber Gud, vitnar om Jesus og tener medmenneske».
I november planlegg ungdomane ein møteserie i samarbeid med NLM.