Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ny festivalsjef i Cañar

Foto: Åse Røsvik

Uro for barn og unge

Då Rafael for eit par år sidan starta opp med gudstenester på Tambo-skolen, var det nettopp for å skape ei kirke for barn, unge og familier.  Over ei tid hadde familien snakka om mangelen på tilbod som appelerte til ungdom og barn. Nyleg vart Rafael valgt som leiar for samanslutninga av kirker i Cañar provins.

“Eg er eigentleg motivert for å vera president i provins-kyrkja,” seier Rafael, nesten overraska av seg sjølv. “Det er fleire saker å ta fatt på. Mellom anna håper eg å få til eit samarbeid med Bibelinstituttet om ei leiarsamling ganske snart. Det er stort behov for eit møtepunkt med tydeleg teologi og inspirasjon til fornying.”  

36 år med provins-kirke

Denne helga er det fest i sentralkyrkja. Talarane er sentrale leiarar i den lutherske kirka i Ecuador: Felipe Guaman, Camilo Quishpe og  Rafael Allaico  frå indianarkyrkja, og frå den spansktalande kyrkja har dei invitert inn Pastor Gonzalo Celi og Lauro Garcia frå Bibelinstituttet. Motto for helga er henta frå Salme 133,1: Sjå, kor godt og vakkert det er når brør bur saman!

Og det er vakkert både å sjå og høyre alle gruppene som deltek med sang og dans. Det er også ei glede for øyret å lytte til Felipe Guaman preike  på morsmålet, kichwa,over temaet: “ Kva skal eg gjera, så eg kan verta frelst “. I teksten frå Apostelgjerningane finn vi svaret: “Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.”  

Etterpå stiller to småbarn opp med mikrofoner og  strålande smil. Det er tydeleg  at det er kjekt å opptre for eit oppmerksomt publikum med sangen dei har lært i barnegruppa. Fire jenter framfører  ein koreografi med typiske dansetrinn til ein lovsang.  Damekor og ungdomsgrupper veksler om å framføre sine sangnummer. Det er rigga opp både med lyd- og lysanlegg , og opptrinna blir projektert på veggen slik at alle i den fullsatte kyrkja skal sjå godt. Radioen tar live-opptak ,og heile programmet blir sendt til lyttarar rundt omkring i bygdene og til utvandra sambygdingar  i USA, som lytter til radiosendingane over internet. Med like drakter, charango og gitar, keybord, trommer og rytmeinstrument  toner dei kjende sangane ut i  kirkerommet. 

Menigheten “Luz del mundo” Charcay

Til  slutt stiller festivalens overraskelse: mannskoret frå Charcay  med rundt 20 unge og eldre sangarar. På musikkfestivalen er det mest vanleg med kvinne-kor. Dei mannlege innslaga har gjerne vore som solo eller duetter. No runger  mannsstemmene og fyller lokalet med ein kjent salme som avslutning på eit variert program i sentralkyrkja i Cañar.Menigheten “Verdens Lys” frå  bygda Charcay opplever vekst og god aktivitet dei siste par åra. Fleire nye har kome til menigheten  og på festivalen er dei representert med heile 3 kor: damekoret, eit kor for unge jenter og så rosinen i pølsa: Mannskoret.  Også  i eit ungdomsband stiller  fleire unge-vaksne frå denne menigheten . 

Sjølv om det er mange grunner til å vera uroleg over konflikter i enkelte lokalmenigheter, er det altså mykje å glede seg over når brødre og søster samlar seg til forkynning, lovsang og tilbeding  denne helga med musikkfestival og feiring av reformasjonsdagen.