Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Jubel og jubileum

Fjordlymusikken feira også ti-årsjubileum.
Foto: Marte-Iren Lade

90 personar feira 20-årsjubileum for Pensjonisttreffa på Fjordly 22. oktober. Liv og Oskar Hopland starta opp Pensjonisttreffa då dei var styrarar på Fjordly. Dei hadde ansvaret i mange år, og er med framleis. Berit Visnes har hatt mykje ansvar for treffa dei siste 12-13 åra. Ho har gjort ein stor jobb!

Feiringa starta med sosekjøt og heimelaga karamellpudding. Under møtet litt seinare på dagen, fekk vi høyre Anfin Skaaheim tale om kva rikdom vi har i Jesus. Fjordlymusikken feira ti-årsjubileum og stilte med mange instrument som klang fint saman. Etter møtet, var det tid for kaffi og kaker frå eit rikhaldig kakebord.

26. november er det julemiddag på Pensjonisttreffet, og Kjell Askeland skal tale. Velkomen om du er pensjonist eller ikkje!

Haustmøte
Laurdag 24. oktober, var det Haustmøte på Fjordly. Anfin Skaaheim diska opp med to seminar på ettermiddagen og tale på festmøtet. Dette var grundig og god undervisning om kva Bibelen betyr for oss som kristne. Bibelen er ei truverdig bok, slo Anfin fast, og gav mange grunnar for at det er slik.

Omtrent 50 personar var med gjennom dagen, og nokre fleire kom til festmøtet på kvelden.Gjennom film og vitnesbyrd sette vi fokus på misjonsarbeidet, heime og i Nepal. Ingen rakk å bli svoltne med lunsj, middag og to kaffimåltid på programmet. Ein fin dag på Fjordly.


Liv og Oskar Hopland.