Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Basar på Huglo

Normisjonsforeningen på Huglo
Foto: Jorunn Dørdal

17. oktober hadde Huglo Santalforening sin årlege basar. Dette året var vi, Jorunn og Arne Dørdal, utsendingar frå regionskontoret. 
Huglo Santalforening hadde 100-årsjubileum for nokre år sidan. Foreninga har for tida 11 medlemmer.  To av medlemene var bortreiste denne helga, men resten av damene hadde laga basar med fine gevinstar som fylte bord og snorer. Formann Kari Sortland Sæther kunne ønskja mange fastbuande og hyttefolk velkomne. Det bur berre om lag 90 fastbuande på øya.

Etter andakt og eit åresalg fekk vi kaffe/te og masse gode heimebaka kaker. Det vart tid til ein god drøs. Før åresala fortsette, viste vi bilder frå Bangladesh med fokus på småskular og gute- og jenteinternat i Moulvi Basar og Sylhet. Vi var og ein tur innom Nepal og sjukehuset i Okhaldhunga. Flinke foreningsdamer selde igjen årer og gevinstane forsvann frå bord og snorer. Mange kunne gå heim med gode heimestrikka sokkar, gode lefsepakkar og mange andre nyttige ting. Trekkinga gjekk fort unna ved hjelp frå Per Egil Sortland som styrte digital trekking på laptop. Ei lita jente var heldig å vinna hovedgevinsten på boksalget: ei stor matkasse!  Og vi, vi vann ein flott ”sopekost” som skal koma til nytte når snøen kjem!

Takk til foreningskvinnene for ein fin basar som gav kr. 22.000,- til misjonen.