Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Velsigna julemesser

Sandane og Breim Soul Children bidrog med frisk og flott song!
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Det er julemessetid. Ei velsigna tid for ein region som slit med dårleg økonomi. Stadlandet, Sandane og Olden arrangerer julemesser der inntektene går til regionen. Då hjelper det på at Stadlandet samlar inn ca. 75.000,- og Sandane ca. 65.000,-. Olden skal ha julemesse 28. november. 

Men julemesse er meir enn pengar. Det er innsats og arbeidslyst av mange i driftige kommitear som legg ned timesvis i misjonen si teneste. Tusen takk til dykk! Og takk til alle som gjev varer og mat til sal og utlodning.

Julemesse er også fellesskap på tvers av generasjonar der born og vaksne får kome saman, i gjevarglede, håp om vinstar og til song og forkynning om misjonens Herre.

Selje har også hatt ein julemessebasar som Fjordly og Acta i Sogn og Fjordane får inntekter av. I år kom det inn 30.400,- Flott innsats der også!

Det er i det heile ei velsigna oppleving å vere på julemesse. Kanskje noko for di foreining?