Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Olden Soul Children - ti år!

Foto: Stine Lillebø Hopland

Laurdagen var det konsert i kyrkja, og ein solid innsats frå både solistar, kor og crew gjorde konserten til ei flott oppleving. Actaleiar Stine Lillebø Hopland hadde andakt på konserten, og ho gleda seg stort over å sjå det flotte korarbeidet som vert gjort for tweens i aldersgruppa 10-14 år i indre Nordfjord. Etter konserten var det kaffi, kaker og sosialt samvær. Søndag var det Soul Church, som er Soul Children-konseptet si eiga gudsteneste der musikk og liturgi er tilpassa aldersgruppa.

Korleiar Elin Endal Åbrekk, har leia koret i mange år. Ho har no med seg ungdomar som prøver seg i dirigent-rolla. Dette er ein flott måte å drive koret vidare på, og det er svært god leiartrening for ungdomane.
Gratulerer med jubileet, vi gleder oss til dei ti neste!