Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Bibelskulen i Bafoulabé

Årets elever ved bibelskolen i Bafoulabé.
Foto: Astrid Breivold

Koda Solomon, vår gode rektor på bibelskulen, var saman med fleire andre stadig på farten i haust for å rekruttere nye elevar til semesteret som starta no i januar. I den fasen er det alltid spennande å sjå kor mange som kan rive seg laus frå kvardagen sin og komme til bibelskulen. Når dagen for opningsfesten kom vart det stor fest og glede. Sju nye elevar kom og er no godt i gong med å lære meir om Gudsrikets løyndomar i klasserommet og i kvardagen. 

På bibelskulen får dei bli meir kjent med han dei trur på, meir kjent med Bibelen, med radioarbeid, data og mykje anna. Karim Fofana, pastoren i Bafoulabé, og Koda er ivrige i hagen og lærer bort nyttig kunnskap til elevane også. Nokre av dei dyrkar og løk og anna som veks fort slik at dei kan få med seg noko heimatt.

No er dei godt i gong med semesteret seier Koda. Han ber om forbøn for seg og familien - om god helse og godt mot. Elevane treng også forbøn så dei forstår undervisninga og kan vokse i visdom og kjærleik. Koda fylgjer opp ein landsby litt nord for bibelskulen. Der er det nå ni kristne. Dei fleste vart døypte i fjor og er nye på vegen. Be gjerne også for dette arbeidet.