Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

På plass i nye rom

Glade elevar i det nye internatet.
Foto: Nordfjord folkehøgskule

Det luktar framleis nybygg når du kjem inn dørene på det nye internatet på Nordfjord folkehøgskule. Veggane er lyse og fine, dørene svingar lett utan eit einaste knirk, og namnet på internatet er passande nok Nytun.
Karianne R. Rognhaugen og Maria Larsen bur på eitt av dei nye romma. Dei har funne seg vel til rette, og har installert seg på rommet på beste vis. Karianne seier det var godt å kome litt nærare dei andre internata på skulen i staden for å bu i eit eige hus på andre sida av vegen – dei merkar godt at dei har blitt meir sosiale med dei andre elev-ane etter at dei flytta til det nye internatet.

På Nytun er det ti dobbeltrom, alle med eigne bad. Standarden er høg, og Karianne understrekar at det å få eige bad på rommet var luksus. I det gamle huset delte 12 jenter på to bad, så der vart dusjkøa lang!

I haust fekk alle abonnentar av Nytt frå Normisjon Sogn og Fjordane ein giro med avisa, der det var høve til å gje ei pengegåve til det nye internatet. Nordfjord folkehøgskule vil gjerne takke alle dykk som brukte giroen, og med små og store gåver støtta byggeprosjektet. Folkehøgskulen vil òg gjerne takke for forbøn og gode tankar – både for dette byggeprosjektet og skuledrifta elles. Både for styret, elevar og personale er det godt og viktig å vite at det finst mange støttespelarar som vil skulen vel.