Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledige stilingar som husøkonom og kjøkkenassistent

Foto: Innvik Fjordhotell Misjonsheimen

Husøkonom har følgjande ansvarsområde: Hovudansvar for reinhald, pynting og tilrettelegging av møterom, salongar, restaurant og romma på hotellet. Hovudansvar for oppvask og reinhald på kjøkkenet, vask av dukar og sengetøy. Sovande nattevakt (fordelt på fleire) høyrer også med til stillinga, likeeins kjøkkenarbeid og anna førefallande arbeid. Ein må rekne med ein del koking.

Kjøkkenassistenten skal ta del i alle typar kjøkenarbeid, koking, reinhald, oppvask, og anna førefallande arbeid på hotellet.

Vi søkjer fleksible, arbeidsvillege, utadvende og positive medarbeidarar, som har lyst til å vere med å dele visjonen vår om at hotellet skal vere eit senter for bøn og vekking.

Dei som blir tilsett må dele Normisjon sine verdiar. Løns- og arbeidsvilkår etter Normisjon sitt regulativ. For nærare opplysningar, ta kontakt med styreleiar Per Arne Tøsse, tlf. 95 28 49 85, eller dagleg leiar Anna Marie S. Vatnamo, tlf. 99 36 46 60.

Søknadsfrist: 1. april 2016.
Send søknad til post@innvikfjordhotell.no

Innvik fjordhotell Misjonsheimen AS er eit aksjeselskap som er eigd av Normisjonsforeiningane i området. Det bærande økonomiske fundamentet er turisme om sommaren. Elles i året har vi ein del helgearrangement, både i eigen regi, og der andre leiger hotellet. Hotellet er vanlegvis vinterstengt i januar og februar. Hotellet har ein liten kjernestab på 6 personar i totalt 4,7 stillingar, og 8-9 sesongarbeidarar om sommaren. Hotellet er sertifisert som Milljøfyrtårn.