Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Førde Normisjon planlegg eigen godleiksdag

Det nye styret: Bak fv Liv Å Bruland, Hanne Sofie Sæterlid og Leon Haugsbø (formann). Sitjande i midten fv vararepresentantane Bjørg Fuhr og Berit Fidjestøl. Lengst framme Anders Bruland. Styremedlem Elida Østergaard var ikkje til stades då bilete vart teke.
Foto:

Det å tene medmenneske er ein viktig del av misjonslaget sin visjon. Med ein eigen godleiksdag til våren(23. april) vil foreininga markere at handling og praktisk arbeid i nærområdet er like viktig som ord.

Ungdommar
Den fyldige årsmeldinga fortalde om eit aktivt år i organisasjonen. I tillegg til temakveldar, delekveldar, månadlege Tysdagstreff, 17. mai-kafè og konsert, kunne vi lese om misjonskveldar, hageselskap og kakelotteri med bamseinnsamling på Coop extra. Ungdomsgruppa på om lag 15 personar har vore samla i peisestova kvar tysdag. Dei lagar seg middag, har sosialt samvær og samlast til bibelgruppe. I haust arrangerte dei ei ungdomsveke med godt frammøte.

Styret
Det nyvalde styret er samansett slik: Leon Haugsbø (formann), Liv Å. Bruland, Elida Østergaard, Hanne Sofie Sæterlid og Anders Bruland.
Desse vart vararepresentantar: Bjørg Fuhr, Berit Fidjestøl og Sigbjørn Tonheim.