Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Soul Children Gathering, 8.-10. april

Foto:

8.-10. april er det duka for Soul Children Gathering på Sandane. Dette blir ei helg der Soul Children-kor frå ulike delar av fylket samlast for å øve saman, opptre saman, spre glede, skape liv og røre og ære Gud!  

Vi har med oss dyktige instruktørar, både frå Oslo, men også frå lokalt hald, og vi ser fram til spennande og kjekke dagar saman!

Laurdag, 9. april, blir det minikonsert ute på Heradsplassen i Sandane sentrum kl 14.00. Her blir det mykje liv og røre og god stemning! Vi håpar på godt vêr, og at mange vil kome og høyre på. 

Søndag, 10. april, blir det "Soul Church" og minikonsert i Breim kyrkje, kl 15.00. Her blir det teke opp kollekt til Soul Children-arbeidet i fylket.

 Vi gler oss stort til helga, og ønskjer alle hjarteleg velkomne til å vere med på Soul Children-festen!