Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kirkene deltek i jordskjelvsarbeidet

Evy Celi er med å pakker nødhjelp i Guayaquil.
Foto: Odd Magnus Venås

Medlemane i dei lutherske menighetene er også solidariske, og raskt dukka ideen opp om at "Den lutherske familia" kan vera aktør inne i jordskjelvområdet. For sjølv om dei større byane raskt vart forsynt med mat og ulike slags ekspertar, venter mange i utkantane på at hjelpa også skal nå dei. 

Leiarane i kichwakirka samla i Store studio for å planlegge innsamlinga til Jordskjelvområda.

Kichwakirka samla for å organisere hjelp.

Mandag var det møte  i Store Studio i Radio la Voz de Ingapirca. Leiarar i lokale kirker møtte opp, saman med leiing og tilsette ved radioen. Praten gjekk om jordskjelvet den 16. april, og om bygdefolket som alt hadde støtta opptil 4 ulike innsamlingar  i kommune,bygdelag, skule..... Var det mogeleg å samle inn meir? Var ikkje folk trøytte no?  Hadde vi forresten høyrt det var folk som stjal av sendingane og solgt til lokale butikker inne i området? Det er alltid nokon som gjer seg rike på andres nød,- sukka pastorane. Og Sosialdepartamenetet  har forresten gjort ein god jobb. Der har dei eit nettverk. Kva kan vel vi gjere? Slik gjekk praten.

Planlegging

Så starter planlegginga. Felipe og Adela har deltatt på eit fellesmøte med andre lutherske organisasjoner i Guayaquil. Dei kan fortelle at det no blir koordinert ei fellessatsing gjennom Bibelinstituttet sin leiar, og at tanken er å reise inn med hjelp i heile mai, kanskje lenger. Saman med pakker med nødvendig hjelp er det meininga å gi oppmuntring,-  kanskje arrangere barnemøter med dukketeater,- kanskje vera med på opprydding, - kanskje sende inn eit lite legeteam av frivillige leger i menighetene.  Fleire hadde idear om oppfølging langt utover dei første månadane, men akkurat no er det l viktig å vise solidaritet !

Mobilisering for innsamlinga

Folk må få informasjon rundt omkring i kirkene, seier pastor Camilo.  Vi må organisere besøk med motivering.  Men når?  Første arrangement er ein festivalen i den lille bygda Sidsid . Der må ein av pastorane inn med informasjon. Og 8 mai er det felles Morsdagsfeiring i Sentral-kirka. Då kan alle lokalkirkene levere inn sine innsamlingar til Felipe på kontoret hans. I bygda Shushilocon har dei alt gjort klar en eller to sekker med tørka bønner. Så lurt det ville vere om alle leverte jordbruksvarer frå eigen produksjon ! Tørka bønner, mais, poteter.

 Felipe Guaman  har ansvar for mottakssentralen i kirka, og Rafael Allaico koordinerer informsajonsarbeidet.

Allierer seg med radioen

Ettersom vi satt midt i Store Studio med radiosendinga igang  rett bak veggen, vart behovet for å spre informasjon og for å motivere fokusert spesielt. Radioen er ein god alliert.  Carlos og Martin gir kirka frie tøyler til å sende små PR-spot, og  til å lage eigne radioprogram fram mot innsamlingsdagen. Og Rafael Allico tar dei på ordet. Der og då blir sendetida fordelt på 7-8 lokale leiararsom skal lage  halvtimes program  kvar ettermiddag. Innhald: Forkynning,Informajon og motivasjon med lovsang. Så er det i boks. Dagen etter er programplanen sendt ut på Excel-ark.

Radio-overført gudsteneste.

Og radioen lover reporter til å dekke sjølve innsamlinga søndagen den 8. Ja, kvifor ikkje overføre gudstenesta også ? "Kirka blir full" lover Carlos frå radioen. "Men de må lage ein god programplan, med fokus på mødre og familier i det jordskjelvramma området. "  Slik blir  morsdag og innsamlingsdag kombinert dette året.  Og det er planer om at 1-2 av pastorane og kanskje ein reporter, blir med sendinga ned til Guayaquil og kirka Arca de Noe for oppsamling og transport i lastebilar inn til hjelpetrengande i området. Folket skal få vite at det nytter! Og sjå at hjelpa høyre at hjelpa kjem fram!  

Når kichwa-kirka går igang, gjer dei det skikkeleg. Kaaanskje famner dei vel vidt. Men å ta eit løft,det er dei gode til ! DUGNAD er kichwakulturens spesialitet. 

Carlos Ojeda arbeider i radioen,og lover full støtte til innsamlinga.

Alle foto i artikkelen: Åse Røsvik

Gi en gave til Ecuador:

1. Benytt kontonummer 1503 02 13537 og merk beløpet med "Jordskjelv i Ecuador" eller prosjektnummer 12277265.

2. Send SMS med kodeord ECUADOR til 2160 (200 kroner)

3. Vipps ønsket beløp til Normisjon og merk beløpet med "Jordskjelv i Ecuador" eller prosjektnummer 12277265. Skriv gjerne også ditt navn og adresse på Vipps for mulighet for skattefradrag.

4. Gi med kort her