Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Godleiksdag i Førde

Foto: Vegard Tennebø

Det mange ennå ikkje veit, er at ein gjeng i Førde Normisjon gjer seg klar til å overraske byen med godleik. Dei trudde ikkje dei skulle få vaska bilen sin i dag, men det fekk dei. Dei trudde kanskje ikkje at hagen skulle ryddast, lukast og ordnast til for våren, men det vart den.
Ein trudde kanskje at dette vart nok ein laurdag der ein gammal skrott må kikke ut glaset frå eldretunet og konstantere at livet går vidare der ute, medan eg er her inne. Men så feil kan ein ta: Den gode overraskinga kom i form av vennlege menneske i grå godleiks-T-skjorter som kom inn og lurte om på nokon ville vere med på tur ut i frisk vårlufta og kanskje vere med på kafé etterpå?
Om det kosta noko? Nei, nei, nei! Dette er gratis, berre kom, sett deg ned, forsyn deg med det du vil ha.

Så er det jo litt ironisk det heile: den dagen foreininga i Førde bestemte seg å gå ut og gjere godt, akkurat den dagen vart bedehuset fylt til randen av folk som sjeldan eller aldri er innanfor. Kaféen på bedehuset var enormt populær. Det er vanskeleg å ta imot denne erfaringa som noko anna enn ei «lekse frå Vår Herre». «Gå difor ut....»

På mottak
Også på flyktningmottaket i Førde var det yrande liv heile dagen. Det vart grilla, laga vaffel, spelt krokket og eit uttal forskjellige ballturneringar, blant anna vannballongvolleyball. Både yngre og eldre flyktningar på mottak let seg dra med av ca. 10 godleiksungdomar som ikkje visste kva godt dei kunne gjere denne dagen. Latteren sat laust, samtalane gjekk på både norsk, engelsk og arabisk. Å gje og motta godleik har det med å gjere miljø hjartevarma, og det var akkurat slik det var her: hjartevarmt – vaffelhjartevarmt.

Mottaket i Førde var ikkje berre eit mottak av flyktningar som har måtte flykte frå landet sitt denne dagen. Det vart eit mottak av godleik, etterlengta godleik – fordi nokon var viljuge til å gje det. Men lat det vere sagt: det er uvisst kven som kjende seg rikast når dagen var over: dei som tok imot? Eller dei som gav?
   - Det fine med godleiksdag er at vi kan hjelpe andre og ha det kjekt sjølv. (Halvor, 9 år) 

Sjå fotoserie under.
Les også Verdifulle erfaringar frå godleiksdag