Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Verdifulle erfaringar frå godleiksdag

Foto: Vegard Tennebø

Les reportasje frå godleiksdagen i Førde

Ei heilt vanleg foreining, har tatt steg utanfor det heilt tradisjonelle, turt å tenkje litt nytt, vågd å vere litt dristige. Slik er dei eit eksempel for oss alle. Brått er dei ikkje heilt vanlege lenger. Der er eit nytt samhald, ei kjensle av retning og kraftigare motivasjon. Det vart ei oppleving av å få til noko saman. Noko stort.

Det kjennes ganske enkelt godt å gjere godt – det er kraft i det! Ein får lyst å gjere det igjen. For det er faktisk sant. Når andre får fokuset vårt, forsvinn mange av dei lite viktige, interne kjepphestane vi altfor ofte rir. Då vert vi fri til å tene dei rundt oss. Som ein av dei yngste godleiksdeltakarane sa: «Det fine med godleiksdag er at vi kan hjelpe andre og ha det kjekt sjølv.» (Halvor, 9 år)


Tre grunnar for godleiksdag
Her er tre gode grunnar for at du og ditt fellesskap også bør vurdere ha minst ein slik dag i året.

Godleiksdag sveisar fellesskapet saman
Noko av det nydelegaste å sjå på godleiksdagen var korleis eit lag der den yngste var 7 år og den eldste var oppi 80 åra fungerte som éin gjeng. Her var born, ungdom, foreldre og besteforeldre – og alle hadde det fint! Alle syns dette var meiningsfullt. Alle kunne tenkje seg å gjere dette igjen.
Å arbeide med planlegginga og gjennomføringa av ein godleiksdag gav Førde Normisjon eit prosjekt som var nytt, spennande og stort. Det utfordra komfortkjensla, kalla fram eit mot som ikkje var der frå før, og gav alle ei oppleving av å få til noko saman.
Er du oppteken av lagkjensle? Lag ein godleiksdag!

Godleiksdag gjev relasjoner
Den eldre dama vart begeistra og lukkeleg då ho endeleg kom ut frå eldretunet og fekk puste frisk vårluft. Nokre mindreårige flyktningar lurte på når vi kom att. Takksemda frå ei som fekk rydda hagen sin ville ingen ende ta. Dei gode samtalen gjekk over kaffikoppar, herlege kaker og travelt opptekne høgtrykkspylarar.

Mange fellesskap slit med det vi kan kalle relasjonell periferi. Vi er liksom berre den harde kjerne, den enge krets, men vi har ikkje så veldig mange eller sterke relasjonar utforbi kjernen. Når vi stort sett berre gjer ting med og for oss sjølv, byggjer ikkje dette relasjonen til bygda vi er ein del av. Ein godleiksdag gjer nettopp det. Vi er til stades i bygda vår, for bygda vår. Og det kjennes godt for alle å ikkje vere der med peikefinger eller kritikk, men med godleik. Mange ser på Normisjon i Førde på ein ny måte no.
Er du oppteken av å byggje relasjon til bygda/byen din? Lag ein godleiksdag!

Godleiksdag gjev fellesskapet sjanse til å leve ut evangeliet
For éin dag fekk trua til fellesskapet hender og føter og det kristne sinnelaget fekk komme ut i livet. Jesus var ein som gjekk rundt og gjorde godt. Vi veit jo at kristne enkeltpersonar ofte gjer godt mot andre, men denne dagen gjorde vi det som eit «oss». Fellesskapet gjorde det saman. Og det er heile forskjellen. Godleiken får tyngde og kraft langt utover mine individuelle handlingar. Fellesskapet vert lys og salt – slik Jesus sa det skulle vere.
Vi må nok erkjenne at bedehuset vert oppfatta av mange som eit litt lukka hus som stort sett er opptekne av seg og sitt.

Ein godleiksdag gjev eit fantastisk høve til å leve ut evangeliet saman – godt nytt for alle folk, gjennom å sleppe fri den godleiken vi sjølv har motteke av Jesus, så andre kan få smake den.
Er du oppteken av praksisar i fellesskap? Lag ein godleiksdag!