Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

350.000 til Nepal

Vegard Tennebø tok i mot sjekken på vegne av Normisjon.
Foto: Tore Humstad

Det er ikkje sjølvsagt at elevane har lyst og vil engasjere seg i bistand. Så kvart år er vi like spente: Kva tenkjer elevane om bistandsprosjektet til Nordfjord folkehøgskule? Og endå viktigare: Vil dei bidra?

Kvart år kjem svaret høgt og rungande: Elevane blir engasjerte, og elevane vil bidra. Etter skuleåret 2015-2016 sender vi over 350.000 kroner til eit Normisjonprosjekt i Nepal: Sjukehuset i Okhaldhunga.

Elevane har vaska mange, mange hus og bilar, dei har arrangert bistandsløp, steikt vaflar, kokt kaffi, laga kaker og gjennomført bistandscasino. Mellom anna. Og på avslutningsfesten kunne stolte elevar overrekke sjekken som viser resultatet av arbeidet. På sjekken står det 336.652 kroner, men beløpet aukar framleis og har altså passert 350.000. Eit imponerande beløp!
Tusen takk for innsatsen!


Normisjon region Sogn og Fjordane takkar også hjarteleg for den store innsatsen!