Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Yrande fellesskap på tvers

Trivsel er viktig. Små og store flokkar seg rundt matbordet.
Foto: Ole Jørgen Nøstbakken

Ein draum vaks fram om eit fellesskap for små og store  på tvers av bygdene. Dette har blitt til storsamling om lag ein søndag i månaden og ein weekend kvar vår. Her er det fokus på livsnær bibelformidling for ulike aldersgrupper, muligheit til forbøn og god tid til sosialt fellesskap rundt felles middagsbord. Dei eldre gledar seg over nye generasjonar. Småbarnsfamiliar finn fellesskap med andre på same alder. Det er lett å ta med nye, også menneske frå andre kulturar. Me ser at menneske får hjelp og tar nye steg på trusvegen. Dei unge får verdifull ballast med seg på vegen vidare.