Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fornya SMM-avtale med Normisjon

Hyen sokneråd er med og bidreg til gratis medisinsk hjelp for barn under 12 kg som kjem til Okhldhunga sjukehus.
Foto: Kristin og Erik Bøhler

Avtala er retta mot Normisjons-prosjektet Barnehelse/ernæring i Okhaldhunga i Nepal. Fattige foreldre har ikkje råd til å betale for medinsinar og let vere å oppsøke lege med barna sine. Men gjennom dette prosjektet får alle barn under 12 kg gratis medisinsk hjelp. Dei innsamla midlane betyr med andre ord ein (livs-) viktig forskjell for barn i Okhaldhunga og omegn som treng sjukehushjelp. 

Hyen vil få misjoninfo, besøk på basar og anna oppfølging. Soknerådet i Hyen har sett eit mål om å samle inn ein viss årleg sum og i tillegg ta med Okhaldhunga i bøn. Regionen er takksame for ny avtale med Hyen! 

Også Hyen Normisjon har fokus på arbeidet i Okhaldhunga. Til saman har kyrkjelyden og normisjonsforeininga i Hyen vist stor iver for Okhaldhunga-arbeidet siste åra.

Kontakt gjerne regionen viss det er andre sokn som er interesserte i SMM-avtale med Normisjon.

Les meir om helsearbeidet i Okhaldhunga