Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Amigos Bøfjorden

Misjonsløp for Ecuador
Foto: Randi V Bøe

Rundt 80 små og store var frammøtte i gymsalen på skulen da diakon Aud Brynhild Indset fortalte om si tid som lærar i Ecuador. Riktig levande vart det da ho kledde ut Ine Marie og Syver som ecuadorianske barn!

Amigos-leiar Bodil Kvam Aasbø synte film frå landet og appellerte til gjevarinnsats for ein venneskule med fattige barn der.

Etter song av Amigos-barna var det «sponsor-løp» rundt skulebygningen. Foreldre, besteforeldre og andre sponsa kvar runde med eit visst beløp. Og her mangla det ikkje innsats. Somme tilbakela over 20 rundar kring huset, og pengane strømma inn. Saft og kaffe med tilbehør smaka fortreffeleg i det vakre sommarveret.

Rundar med lykkehjulet avslutta programmet – med gevinstar gjevne av bl.a. Acta Normisjon, Ringo, Apoteket og Notabene.

Slik skaffa Amigos over sju tusen kroner til jamnaldringar i Ecuador i løpet av eit par timars hyggetreff. Ikkje verst!