Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Hausten 2016 på Holmely

Frå Søholmen utanfor Holmely.
Foto: Brit Lundby Hilde

Vi gler oss til å ta imot gjestar både på og utanom arrangement, og til å legge til å rette for at Gud skal få virke via arbeidet her på Holmely også dette semesteret. Vi startar med ei spennande temahelg om Guds Farshjarte i slutten av august, der Heidi Strømsmo og Rune Langseth skal undervise. Heidi kjem også igjen i november. Vi skal ha ei fin helg i september for aldersgruppa 20-35; «Jakten på Stillheten». Fermate kjem til oss i november med si kloke og livsnære undervisning om alle livet sine sider. Elles byr vi på bønnedag, fleksibel haustferie, og stille dag desember.

Ta ein nærare kik på programmet, og finn ut kva som er for deg. Kanskje har du også nokon rundt deg som kunne trenge ein tur til Holmely? Velkomne! 

PROGRAM
26.-28. august: Temahelg; «Å kjenne Gud som Far gjev kvile» NB! Venteliste på denne helga pga at det er fullt. 
ved Heidi Strømsmo og Rune Langseth

16 .-18. september: «Jakten på stillheten» – ei helg for deg mellom 20 og 35 år
ved Åse Linn Vålandsmyr Holen og Hilde Balsnes Lande

3.-6. oktober: Fleksibel haustferie – ope hus på Holmely
Vertskap: Harry og Margot Andersen og Sigrun Berge Raae 

20. oktober kl. 17.30-21.30: Bønedag
I samarbeid med Fjordly og regionen

4.-6. november: Temahelg; «Min fred gjev eg dykk» 
ved Heidi Strømsmo

25.-27. november: «Ta vare på deg sjølv og andre»  
Kurs i ramme av retreat i samarbeid med Fermate Sunnmøre

3. desember kl. 10-16: Stille dag; «Med lengsel og forventning»
Leiar: Brit Lundby Hilde

Hjarteleg velkomen til Holmely! 

Brosjyre for hausten: Holmelyhausten 2016.pdf

Påmelding i god tid, seinast ei veke før arrangementet startar. 
Bruk gjerne skjemaet som ligg under kvart arrangement, eller send e-post eller ring til Holmely. 

Kontaktinfo: 
Holmely Omsorg og Retreat
6711 BRYGGJA 
Tlf. 57853425
e-post: holmely@normisjon.no 

Her ligg Holmely - sjå kart

Meir informasjon om Holmely:
www.holmely.no
www.facebook.com/holmely - lik Holmely på Facebook! 
www.retreater.no/retreatsted/holmely

Reise til og frå Holmely:
Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig. Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane, buss til Holmely/Totland (Bryggja).