Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Teltmøte på 4300 meters høgde

Fantastisk utsikt frå over 4000 meters høgde
Foto: Åse Røsvik

Han som talte på åpningsmøtet torsdagskvelden heldt det gåande i 2-3 timer, til midnatt, så  det kom vel under kategorien evangelisering.  Men fredagskvelden auka det på med deltakarkor frå fjern og nær, 23 kor og grupper deltok med musikkinnslag til langt utpå nettene. På denne høgda blir det gjennom-trengende kaldt når sola går ned, men inne i teltet er folk godt kledde med poncho over ytterjakka og to lag ullskjørt. Dessuten blir det lunare dess fleire som fyller opp. På søndagen talte arrangørane opp mot 1500-1600 mennesker inne i møteteltet.


Men kaldt er det,og vakkert broderte klesdrakter blir lagt lag på lag for å halde varmen. Og så står folk tett i tett.

Hausten er moden

Det er slåande vakkert oppover fjellsida til dei to nabobygdene Shushilcon og Pachamama chica. Korn- og  poteter, og blomstrande åkrar med bønnestengler klartrer oppover fjellet i avstemte lappetepper. Jose Dutan er pastor i begge bygdene. For nokre veker sidan møtte eg han då eg besøkte barneskulen misjonen støtter. Jose var forventningsfull då han snakka om det komande arrangementet. « Eg trur vi vil få med oss nye» sa han. « Det er fleire som spør om dei forandringane dei ser etter at vi vart kristne». Så summerte han opp : « Vi var slavar av arbeidet på markane til jordeigaren og vi var slaver av alkohol. Etter at evangeliet kom tar vi vare på familiene våre, slik Gud viser omsorg for oss.»  Den første forandringa kom då indianarfamiliene i felleskap kjøpte jorda dei arbeidde på og delte den mellom seg. For eit par  år sidan var pantelånet nedbetalt. Dei siste åra med vannforsyning har gitt småbøndene 2 avlingar i året. Og no prioriterer familiene skolegang for barna,og klesdraktene er pynta og velstelte. « Slik var det ikkje før,» seier Jose.


Jose Dutan er pastor i 2 bygder, Shushilcon y Pachamama chica, her gir han eit resyme av bibelundervisninga på formiddagen, på kichwa.

Kven skal vi sende?

På grusvegen som klatrer i sikk sakk mellom dei to bygdene møter vi små saueflokker som blir ført  til beite av gjeterjenter og gjetergutar. Kirka sine kor kan fungere som eit  «mål» på aktiviteten. Og kirka til Jose har 2 damekor .Det siste året har over 30 ungjenter danna sitt eige ungdomskor. På teltmøtet i Pachamama chica stiller kirka med eit «splittert nytt» mannskor.

​Der på benken, med utsikt over mognande kornåkrar fortalte Jose om draumen han har: « Vi har snakka om det, vi som var med frå starten, at no er det på tide å tenke på misjon. Vi ønsker å finne ein arbeider som kan gå med evangeliet til nye bygder.»

Det er berre kjempeflott å høyre kor kvardagsleg Jose kan snakke om eit stort evangeliseringsprosjekt.. Dei har kanskje nokon dei kan utfordre. Menigheten er stor! På over 100 familier. No studerer ein av ungdomane på det lutherske seminaret i Peru. Og sønnen til Jose er 20 år og nettopp ferdig med videregåande. " Han seier at han vil bli pastor", fortel Jose. "Han vil også ta utdanning i teologi. No er han med i talerkorpset i kirka".


Evangeliseringskampanjen vart arrangert midt i innhaustninga. Så mange jobba på markene til det vart mørkt.

Nye blir kristne 

På evangeliseringskampanjen tok 3 nye imot Jesus . 2 ifrå Pachamama chica og 1 frå Shushilcon.  Og veldig mange søkte forbønn og fornying,- eller « forsoning» som det blir kalt i indianerkirkene. Då ber dei kvarandre om tilgjeving for krangel og konflikter,  og søker  forbønn og forsoning med Gud.


Denne lille jenta bar Bibelen inn under åpningsseremonien. I desse bygdene blir gjerne heile familien med når foreldrene blir kristne.Mottoet er at: "Eg og mitt hus ,vi vil følge Herren" . 

Samhald  i bygda

Den lutherske menigheten i Pachamama chica er godt fornøgde med møteserien desse 4 dagane. Og spesielt framhever dei støtta dei fekk frå medlemmane i baptistkirka i bygda. Dei stilte både som medarbeidarar og med økonomiske bidrag .« Det var dette vi håpte på,» fortel pastor Jose. «Som kristne må vi stå saman  i lovsang til Gud.»


Damekoret i vertsmenigheten deltok med korsang under åpninga.