Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Spennande Nepal-besøk

Caleb og Neema sang ein flott kristen song han sjøl har skrive til ein nepalesisk folkemelodi.
Foto: Gjermund Lygre

Dei var samla til gudsteneste. Heile huset rista. Nokre vart svært redde, alle kasta seg ned på golvet. Når det vart stilt gjekk dei ut. Det kom stadig etterskjelv, dette gjorde at dei og mange mange andre måtte sove ute dei komande døgna. Etter seks døgn i telt våga dei å flytta inn. Han og hans medarbeidarar har gjort ein stor jobb for å hjelpe sherpafolket og andre. Fleire tusen familiar har fått mat, drikke og varme tepper i etterkant av jordskjelvet. Han og hans kollegaer var døden nær opptil fleire gonger i dette arbeidet. Ein gong medan dei var ute og køyrde kom det eit kraftig  jordskjelv. Bilen rista kraftig og til slutt våga ikkje sjåføren å kjøre lenger. Like etter gjekk det eit jordras 20 meter framfor bilen. Han takkar Gud for livet og ser at han midt i tragedien får lov til å vere i Guds plan med livet sitt.

Han løfta fram ei utfordring som Nepal og dei kristne i Nepal er midt oppe i. Landet fekk ny grunnlov i fjor. Den stramar inn religionsfridomen. Etter den nye lova har ein ikkje lov til å vinne nye for sin religion. Dette er særlig sikta mot den sterke veksten av kristne i landet. Hinduane ynskjer å halde landet som hinduistisk. Til å begynne med, var ein forsiktig optimist med tanke på at det kunne gå bra med menneskerettane med den nye lova, men no byrjar ein å sjå fleire krevjande sider ved praksisen.

På barneheimar og skular vågar ein no knapt å ha ei morgonsamling med song og bøn. Det verkar som myndigheitene sender spionar ut og kontrollerer og er snare med å slå ned på det som dei opplever krenkjer lova og den hinduistiske tradisjonen. Pastorar har opplevd å få pc-ane sine undersøkt og anna materiale blir kontrollert for å sjekke at dei ikkje krenkjer lova. Lova blir tolka strengt, og det gjer at kristne no kjennet på uro for kva framtida vil bringe. Før 1990 var det eit uvanleg spørsmål for oss med i dåpsliturgien. Er du klar til å gå i fengsel for di tru på Kristus?

Be for våre søsken i Nepal.