Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Elevar frå heile landet

Ungdomar frå heile landet strøymer til Vereide.
Foto: Stian Gustafsson

«Har de elevar frå heile landet?» spør folk. Og som oftast svarar vi «Ja, bortimot». Men i år kan vi svare ja utan atterhald, for dette skuleåret har vi elevar frå absolutt alle fylka i Noreg. I tillegg ein lukkeleg danske og ein fornøgd kar frå Nederland.

Det fylket som leverer flest elevar i år er, ikkje uventa, Rogaland. Heile 21 elevar kjem derifrå. Ein verkeleg god nummer to er Akershus. 20 elevar har reist over fjellet frå dette fylket, og frå Oslo kjem det 11 elevar. Hordaland har sendt 12 elevar, og frå Sogn og Fjordane har vi 8 håpefulle. Og så er resten av dei 136 elevane fint fordelte på dei andre fylka.

Det er stas at vi rekrutterer frå heile landet. Det er viktig for oss å vite at marknadsføringa vår når ut til alt folket, og det er verkeleg flott for miljøet blant elevane at ulike landsdelar og lynne er representerte.

No er altså 72 jenter og 64 gutar godt i gang med skuleåret sitt på Nordfjord, og vi håpar og ber om eit godt år vidare.

Les meir om skulen på www.friluftslivskulen.no