Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarleir på fjellet

Foto: Mariann Urdal Henanger

På sommarleir på Wallemtunet er det leik og moro, grilling, fjellturar, fotball, volleyball, sporløp, spennande kubbespill-kampar, hoppeslott om mykje anna gøy! 

I juni blei to leirar på Wallemtunet arrangerte i samarbeid mellom Acta Normisjon og Søndagsskolen. På den første leiren, for barn mellom 7 og 10 år, var det fleire barn som var på leir aleine for første gong. Heldigvis var det trygt og godt å vera på Wallemtunet.

27.–30. juni var det tid for 11–14 åringane å reisa på sommarleir på Wallemtunet. 24 deltakarar og 12 leiarar fekk nokre fine dagar i lag. Veret var ikkje så veldig fint lenger, men stoppa det nokre av dei sprekaste frå å bada i den iskalde kulpen etter fjellturen? Neidå! Og nokre få gjekk til høgaste fjelltoppen i lag med friluftsleiar Henning, og «surfa» på isflak mellom regndråpane! Det gjorde sterkt inntrykk då Barbro Wiig Sulebakk fortalte frå Compassion (Søndagsskolen sitt misjonsprosjekt dette året) sitt arbeid i Afrika. Både barn og vaksne kjende litt på kor urettvis fordelinga av gode er i verda, på misjonstimen symbolisert med store mengdar snop – eller ein bit.. Og sterke bilete og historier. Bønevandring og gode bibeltimar om Paulus, gav ny kunnskap og erfaringar av fellesskap med Jesus og med alle på leiren. 

Takk for alle som kom. De var ein super gjeng! 

Takk til alle som ba for oss!