Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Våren i Acta

Foto: Acta Sogn og Fjordane

Eit nytt år er her, med nye mogelegheiter, og det er klart for nye leirar og samlingspunkt for barn og unge. Denne våren arrangerer Acta – barn og unge i Normisjon leirar på begge leirstadane våre. På Fjordly blir det Leiartreningskurs, Tweensleir og Tenleir, og på Teigen arrangerer vi Tweensleir og Amigosleir. Leir kan by på mykje kjekt – mellom anna å overnatte heimanfrå, treffe flotte deltakarar og leiarar, vere med på morosame aktivitetar og sprell, få servert god mat og lære om Jesus og synge saman. Vi gler oss til leir, og håpar DU har lyst til å kome! Meir info og påmelding finn du her.

Storsamling og Fjordlyfestival
I tillegg til leir, er det klart for Storsamling på Fjordy 19. mars og Fjordlyfestival 30. mai (meir info om desse kjem i arrangementskalenderen om litt). Storsamling er ei samling for heile familien, med middag, opplegg for barna, møte og kveldsmat. Fjordlyfestival byr på mange spennande aktivitetar, kafé og barnekonsert. Dette er fine samlingar for små og store, unge og gamle. Vi gler oss over ein spennande vår, og håpar å sjå DEG på leir eller andre arrangement.