Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Seljehytta på Fjordly tek form

Finn Bjarnastein (ståande til venstre, Magne Hoddevik og Atle Nøstdal (t.h.) er uthaldande dugnadsarbeidarar.
Foto: Marte-Iren Lade

Utvendig er den ferdig, og i skrivande stund held Finn Bjarnastein, Atle Nøstdal og Magne Hoddevik på å få opp veggplater og alt anna ein vegg skal innehalde. Makan til dugnadsarbeidarar skal ein leite lenge etter! Hytta skal få fem soverom med til saman 16 sengeplassar. Bad på kvart rom, opphaldsrom med kjøken, to etasjar og fin utsikt gjer dette til ei attraktiv hytte både for leir og camping. Vi er svært takksame for gåver og basarinntekter i 2016 på kr. 460 000 - øyremerka Seljehytta! Hytta vil truleg koste eit stykke over det dobbelte av dette. Vi tar med glede i mot både fleire gåver til hytta og fleire dugnadsfolk.