Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

I lyset av Guds andlet

Foto: IIF

Våren er her. Sola klatrar over fjelltoppane og skapar nytt liv. Det er godt å bli møtt av sola og varmen om dagen.

Det er ikkje berre sola som kjem oss aktivt i møte. I 4. Mosebok 6,22-26 kan vi lese at Herren baud øvstepresten Aron og sønene å tale velsigning over israelittane:
Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

I den grad israelittane kunne tole Guds heilage nærvær, ønskte han å kome nær dei med nåde, fred og lyset frå hans andlet. 

Vi les at Gud skapte jorda gjennom å tale ord. Og at han også vidare har brukt orda sine til å skape (Jes 55,11). Det Gud seier - der i blant velsigninga, er ikkje tomme ord, men ord han meiner og ord som har kraft til å verke i den som tek dei imot.

Men var ikkje det mykje lettare for israelsfolket å ta imot Guds velsigning, dei som hadde Gud synleg i blant dei? Tja, det såg ut som Gud hadde problem med å skape tillit mellom seg og folket, med hans veldige vesen og med eit folk som stadig gløymde det han hadde gjort for dei.

Guds sterke ønskje om å velsigne menneska vart endå tydelegare då Ordet - Guds son vart menneske. Då kom ikkje Gud i torde og eldsky, men i Jesus. Ein del tok imot orda hans, men mange kunne ikkje forstå at det var Gud som kom til dei i sandalar og ein enkel kjortel. Jesus fullførte likevel oppdraget ved å lide på krossen. Guds lengsel etter å velsigne i staden for å straffe menneska for syndene våre, gjorde at han tok på seg forbanninga for vår skuld. Og med si veldige kraft sigra han over døden og mørket.

Gjennom den oppstadne Kristus kom Gud på nytt til etterfølgjarane - med eit lysande andlet, med nåde og fred. Då han ikkje lengre var synleg, gav han dei Den Heilage Ande, som skulle hjelpe dei å leve i orda hans og i nåden. Anden gav dei også frimod til å dele Guds velsigning vidare. For Guds farshjarte lengtar etter å nå alle menneskebarn med nåden. Med eit elskande blikk som set fri og som reiser opp. Med freden han kan gje oss midt i ei verd der vondskapen og vonde hendingar endå ikkje er utsletta. Samstundes har han også gjeve oss sitt Ord som rettesnor og hjelp for at vi ikkje skal ville oss vekk frå livet i nåden.

  Ta stadig imot Herrens velsigning og gje den vidare!