Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Våren på Holmely

Hilde (t.v.) har vikariert for Eva.
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Hilde Balsnes Lande har vore vikarleiar på Holmely sidan hausten 2015, då Eva S. Langseth gjekk ut i fødselspermisjon og seinare ulønna permisjon til august 2017. Vikariatet til Hilde nærma seg slutten, og då ho fekk eit jobbtilbod frå 1. mars ved heimstaden, takka ho forståeleg nok ja til det. Dermed er det ein periode denne våren utan dagleg leiar. Arrangement og oppgåver er fordelte utover ulike personar. Styret for Holmely (Jan Gudmund Skrivervik, Solveig Gjørven, Liv Torvanger og Anita Våg) gjer ein stor innsats med koordinering av drifta og andre oppgåver.

Vårprogrammet

I mars var det fullt på ein retreat som frivillige leia. Det har også blitt arrangert to bønedagar og ein "Holmelykveld" til no i år. Holmelykvelden var stappfull med folk, og Harry Andersen formidla gjennom tale og song. Også retreaten og bønedagane har vore veldig flotte arrangement. 

Nokre arrangement på det opphavlege vårprogrammet måtte gå ut på grunn av leiarvakuumet: Kurshelga «Den gode samtalen» 31. mars - 2. april  og Sommarfest 19. mai vart avlyst, medan Bøn- og lovsongshelga ved Heidi Strømsmo og Eva S. Langseth som var sett opp i juni, har blitt flytta til 25.-27. august. Elles går alt som planlagt, og det har også blitt lagt til nokre møte. Sjå programmet her.

Takk til Hilde og Haldis
Regionen vil rette ei hjarteleg takk til Hilde for stor innsats på Holmely. Mange har fått glede av å møte den driftige dama med stort hjarte for diakonalt arbeid. Ho har vidareført det fremste diakonale arbeidet til Normisjon region Sogn og Fjordane på ein svært god måte, midt i krevjande omstende som trong økonomi.

Også hjarteleg takk til Haldis Håvik som gjekk av med pensjon ved nyttår. Ho har gjort ein fantastisk innsats som husmor sidan 2012. Då det ikkje var dagleg leiar på staden eitt års tid i 2013-14, heldt ho også i endå fleire trådar. Med andre ord ei svært allsidig dame som har betydd mykje for Holmely. 
Vi er óg takksame for at begge vil vere med i gjengen av frivillige vidare.

Haldis Håvik

Vi gler oss til Eva kjem att som dagleg leiar, truleg før sommaren. Enn så lenge er ho ein del engasjert som frivillig.

Støtt gjerne det særs viktige arbeidet på Holmely ved å gi ei gåve til kontonummer 3000.14.72204 (Holmely).