Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Dei gamle på tur

Vandring i Røros.
Foto: Leif Berge

Torsdag 18. mai starta ein buss på Vigrestad. På turen nordover Jæren kom det nye passasjerar på. Då vi kom til Mortavika var bussen full med 50 glade seniorar på plass. Til tross for elendig vær, var alle i godt humør og gledde seg til turen. Vi skulle ikkje til seters for å gjera oss feite, men til Røros for å læra om Johan Falkberget, Bergstadens diktar.

Regnet fulgte med oss heile dagen. Vi køyrde Noreg på tvers gjennom Sunnhordland, Hardanger og Hallingdal. Om kvelden roa vi oss på Pers hotell i fjellbygda Gol. Etter ein betre middag, var fleire av turistane ute i gatene og såg seg om. Då hadde regnet som hadde fylgt oss heile dagen også stoppa.

Dag nr. 2 kom vi fram til Røros som skulle vera verestaden vår dei neste to dagane. Kurset var ei fin blanding av førelesningar og turar til sentrale stader i Røros og omegn. Eit av høgdepunkta var turen til Ratvolden ved Rugelsjøen der Falkberget budde i mange år. Vi var også på byvandring i Røros der vi og besøkte den vakre og staselege Røros kyrkje. Førelesarane og vegleiarane våre var svært ivrige og guida oss på ein særs god måte. Tre av dei var over 80 år, men viste eit fantastisk engasjement.

Når guiding er nemnt, må vi heller ikkje gløyma sjåføren Halvard Kummedal og vår aldri kvilande guide Anne Lise Bernhardsen. Det ho ikkje veit om dei fleste ting er det nesten ikkje verd å kunna. Dei to har absolutt fortent å vera med oss på fleire turar, for på fleire turar skal vi!

Også fleire av turdeltakarane deltok med mykje godt program medan vi tok oss fram langs vegane. Eg vil gi honnør til leiaren vår, Johannes Byberg og heile staben hans. Ved avslutninga, heldt Johannes ein fin takketale der han mellom anna fortalde denne vitsen: Ein ungkar dreiv i mange år ein restaurant. Ettersom åra gjekk, vakna interessa for å gifta seg. Han fann kone og bryllaup vart bestemt. Bryllaupsdagen hengde han opp på døra denne plakaten: «Restauranten stengd på laurdag på grunn av bryllaup». Nokre ungdommar hengde opp ein plakat med denne teksten: «Opnar igjen på måndag under ny ledelse».

Pensjonistkomitéen derimot går vidare under same leiing! For vi skal på tur igjen.

På vegne av turistane: Harald Grønstøl.