Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Glimt frå Fjordlyfestivalen

Frå konserten under festivalen
Foto: Halgeir Lade

Det var mange ulike aktivitetar å velje mellom, dei fleste utandørs. Hesteriding var veldig populært. Her var det folk heile tida, som ville ri. Mange fekk ansiktsmaling, og blei forvandla til mellom anna tiger, sommarfugl eller prinsesse. På luftgevær-posten var det mykje aktivitet, og konkurransen om beste poengsum i barne- og vaksenklassen var hard. Pil og boge-posten fann ein ovanfor hyttene. Her var det fred og ro til å konsentrere seg om å treffe midt i blinken. Ut på sjøen padla folk både i kano og kajakk. Mange av dei vaksne kunne ein finne i kaféen. Dei fleste sette seg ut på terrassen med kaffi og kaker eller ein porsjon gryterett med tilbehøyr. Tre store energikampen-aktivitetar sto på plenen, og i grua kunne ein sjølv grille pølse med brød. I vaffelboda hadde dei mykje trafikk, og 10 liter vaffelrøre gjekk unna.

Stadlandet barnekor, Stadlandet Soul Children, Håkon Stave og Måløy Soul Children song på barnekonserten midt på dagen. Det var ein variert og fin konsert, med mange flinke solistar. Det var rundt 80 personar på konserten.

På festivalfinalen, på slutten av dagen, blei det delt ut premiar i barne- og vaksenklasse på skyting med luftgevær og pil og boge.

Resultatet vart nesten 20 000 kr brutto. Nettoen blir delt mellom Fjordly og Okhaldhunga sjukehus i Nepal.