Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Overskotsprosjekt

Ei av elevane i komitéen for årboka: Stine Nordvang.
Foto: Odd Harald Halse

 - Ver så god, her er frå årbokkomitéen! Vi gjekk i overskot!
Ein smilande elev står på kontoret mitt, og overrekker 10 000 kroner til Sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal. Sjukehuset er elevane ved Nordfjord folkehøgskule sitt bistandsprosjekt, og gjennom året har dei allereie samla inn over 330 000 kroner. Og no kjem det altså 10 000 til – på ein heilt vanleg føremiddag.

Kvart år er det slik at elevane våre lagar ei årbok, eller ei minnebok, med bilete og tekstar frå folkehøgskuleåret. Boka går i trykken mot slutten av skuleåret, og alle som vil ha boka må betale for å dekke kostnadane. I år hadde komitéen lagt inn god margin for å dekke inn utgiftene sine, og det heile enda altså med eit solid overskot. Dei kunne tatt pengane sjølve, eller dei kunne delt beløpet ut på alle elevane. Det gjorde dei ikkje – dei sende pengane til Nepal.

Kva gjorde du sist du gjekk i overskot? Kva er ditt overskotsprosjekt?

 Les også Imponerande innsats frå folkehøgskuleelevar