Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledig stilling: Acta-medarbeidar

Foto:

Acta – barn og unge i Normisjon er ein av Norges største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. Visjonen vår er «Grensesprengende fellesskap der barn og unge møter, følger og ærer Jesus Kristus».

Acta består først og fremst av over 600 lokale fellesskap, nær 30 av desse ligg i Sogn og Fjordane. Regionen er ein aktiv region, med eit bredt frivillig engasjement, og vekst i leir- og lagsarbeidet.

Vil du vere med på Acta-laget? Acta i region Sogn og Fjordane har ledig 100% fast stilling som acta-medarbeidar:

Vi tilbyr:
Spennande stilling i ein vital stab
Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
Å vere med å byggje og utvikle noko nytt og flott
Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ

Du har/er..
relevant utdanning og/eller anna relevant erfaring
gode evner til samarbeid, men er også sjølvstendig
er fleksibel og løysingsorientert
aktiv tilslutnad til Acta og Normisjon sin visjon og verdigrunnlag
sertifikat og bil
du har og gjerne vore på leir før, har leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon!

Arbeidsoppgåver:
strategisk arbeid opp imot Actas mål og visjon
forkynning/ trusformidling og leiartrening
ansvar for leir og lagsarbeid i Sunnfjord
planlegging og gjennomføring av leir og lagsbesøk
oppfølging av frivillige/ kontakt med born og unge
diverse administrative oppgåver

Søknaden sender du til Acta‐leiar Stine Hopland (stine.hopland@normisjon.no). Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar.

Ta kontakt på mail eller 95 93 42 30 om du lurer på noko.

Søknadsfrist: 29.juni 2017