Sunnfjord Folkehøgskole

Sunnfjord folkehøgskule ligg i Førde i Sogn og Fjordane. Skulen blei etablert i 1902 og er den 5. eldste folkehøgskulen i landet.




Sunnfjord folkehøgskule har 110 godkjente elevplassar. Vi gir kvart år stipend til 2-3 utanlandske elevar. Heile skulen er tilrettelagt for funksjonshemma.  

Skulen er organisert som ei stifting med eige styre og representantskap. Normisjon region Sogn og Fjordane eig skulen. Sunnfjord folkehøgskule eig og driv Solvang barnehage, ein 5 avdelings barnehage med utvida kristen formålsparagraf. Skulen er tilknytta Norske vandrarheimar og driv også sommarhotell.  

Undervisningstilbod:
• Beach&volleyball
• Fotball&beach&Brasil
• SOS aktiv
• Reiselinje
• Fotografi og reise
• Danselinje   

Undervisninga er lagt opp som fellestimar, valfag og linjetimar. Skuleåret er delt i tre valfagperiodar. Skulen er godt tilrettelagt for funksjonshemma, og elevar med særskilte behov får tilrettelegging på dei ulike linjene. Eit miljøteam er tilsett for å legge til rette for enkeltelevar.  

Profil
Skulen har som visjon at elevane skal «bli verdensmester i eige liv». Vi ønskjer gjennom eit skuleår å utfordre elevane på utvikling, tru og på å sprenge grenser i eige liv. Vi ser på skulen som ein naturleg arena for trusopplæring. Skulen har eigen vegleiar og vi brukar mykje tid på å vere samtalepartnerar. Sunnfjord Folkehøgskule har gjennom Folkehøgskulerådet vore med i satsinga Ny Giv for å førebygge og hindre drop out. I denne samanheng har elevane fått tilbod om oppfølging for å auke motivasjonen for læring og utvikling. Skulen har laga eit kursopplegg som blir presentert for andre folkehøgskular.

www.sunnfjord.fhs.no