Nytt fra Mali

08 mai 2017

Fest

I slutten av april var det stor fest på bibelskulen. Over her er bilete av elevane og rektor og to til som arbeider på bibelskulen med ulike ting.

No er elevane vendt heim og vil fungere enno meir som leiar i sin lokale samanheng. Dei har fått påfyll av kunnskap, erfaringar, praksis og liv. Rektor Koda Solomon vil besøkje dei både ein og to gonger før dei kjem igjen i januar neste år.
Koda ber meg om å helse og takke alle som støttar bibelskulen i Bafoulabe. Midt i førre veke fekk kona hans ein telefon frå Kamerun med vonde nyheiter. Bror til Deborah hadde omkomme i ei bil-ulykke. Koda ber oss om å be for ho, for dei og for familien i Kamerun.

Agenda 1
No er vi godt i gong med å planleggje Agenda 1 i Mali. Agenda 1 er eit leiar/felleskaps og identitetsbyggjande verktøy. Dette er eit samarbeid mellom EELM (Eglise Evangelique Lutherienne du Mali), og MFLM (Mission Fraternelle Lutherienne au Mali), og Normisjon. Vi planlegg første runde med dette i oktober og inviterer fellesskap i Bamako distriktet til samling og fellesskap i Bamako over to dagar. Tambaga, Bafoulabe og Oussoubidiania distrikta blir invitert til samling i Bafoulabé også det over to dagar. Ein av nøklane til å lukkast med dette, og mange ting i livet, er oppfølginga mellom samlingane som er to gonger i året. Fellesskapa som reiser heim med mot, ein bekrefta identitet og planar treng støtte og hjelp for å komme vidare. Difor skal vi samle vegleiarane til samling for å gje dei kunnskap og klokskap. Be gjerne for førebuingane på alle plan. 

Gode og dårlege nyheiter
Dei gode nyheitene først. No har den maliske staten klart å få på plass dei offisielle strukturane på dei stadane som mangla i nord etter uroa, Timbuktu var ein av stadane. Den store fredkonferansen i Bamako vart toleg vellukka. 
Stadig vekk opplever ein at det er angrep i nord. Seinast søndag 26.04. mista ein FN soldat livet og fleire vart skada. Ein kan sjå spor av at landet blir meir radikalisert på ulikt vis. Menneskerettane har til dels dårlege kår. Eit eksempel på det er det ein malisk kompis fortalte meg i går. Han har studert i Paris mellom anna. For ei tid tilbake møtte han ei venninne han hadde gått på skule i lag med i Paris. No var han I Mali for ei undersøking i samband med studia. Dei møttest i Bamako. Det vart eit underleg møte fortalde han. Kvinna kunne ikkje handhelse på han, ho var ikkje lenger vestleg kledd, ho bar hijab, denne gjer at håret blir skjult. Ho ville ikkje prate med han på arbeidsplassen. Dette var eit offentleg kontor. Seinare møttest dei heime hjå ho. Ho fortel at ho blitt ein muslim for å få jobb. Utan at ho kler seg som ein muslim hadde ho ikkje sjanse til å få jobb. 
Ein Malikjennar meiner at fredsprosessen vanskeleg kan lukkast når ikkje alle partar er med og ein viktig part som Algerie spøker i bakgrunnen, men ikkje kjem fram i lyset med sine synspunkt og sin agenda. Spelar franskmennene med opne kort? Har dei agendaer dei ikkje kjem fram med er også spørsmål som blir reist.
FN sitt oppdrag i Mali er det farlegaste dei har for tida. Ei evaluering i New York i byrjinga av denne månaden viser at 114 FN soldatar har mista livet sidan starten i 2013. Det er ein stor mangel på godt utstyr og raskt utstyr. Tyske helikopter blir sett på bakken når temperaturen overstig 43 grader og det gjer den ofte i Mali i april, mai og juni!

Ei modig stemme
RAS BATH – er ein ung mann, ein dyktig musikar og god med rapping, som ikkje er redd for å seie kva han meiner og som påpeikar urett og løgn. Han har vore i fengsel, men er no på frifot og mange unge lyttar til han via sosiale kanalar. Myndigheitene har forbode han å samle folk på offentlege stader, men han klarar å samle mange i heimane rundt om i landet. Korrupsjon, religiøst hykleri, dårlege leiarar mm er tema som han tek opp. Eit nyleg eksempel. Han har kritisert nasjonalforsamlinga, generalar, rikfolk, ministrar med fleire for ikkje å betale straumen. Til slutt våga Mali sitt nasjonale straumselskap å kutte straumen som eg nemnde i førre mail.

Trendar skiftar ofte. Ein av dei siste trendane blant unge i er å røyke vasspipe. Dette skjer på barar, ute på gata og i heimane. Mange tenkjer dette er betre enn å røyke vanlege sigarettar, men helsemyndigheitene åtvarar mot dette. Dei meiner det til og med kan vere farlege enn vanleg røyk då ein held på så lenge med ei vasspipe og likevel får i seg mykje gift. Så obs obs neste gong du er ute på reis og blir freista til å prøve vasspipa!

 

Maliblikk mars 2017

24 mars 2017

Straumproblem

Av og til kjem fleire fortredeligheter oppå kvarandre. Medan eg var i Bafoulabé for å undervise på bibelskulen så var det ikkje vatn i vanntårnet. Pumpa fungerte ikkje og har ikkje gjort det på ei stund. Med andre ord er det ikkje uvanleg, og når Salli, ansvarleg for gjestehuset, ber inn vatn til dusjen, fyller på vatn på filteret og reservebøtta til og med er full er det ikkje noko å klage på. Men denne dagen, ein varm dag, var det heller ikkje straum på området. Først lurte vi på om det var problem med sikringane. Men det var det ikkje. Vi fekk så høyre at EDM, det maliske selskapet som er ansvarleg for straumen, hadde kutta straumen fordi rekninga ikkje var betalt. Ein telefon til Aadama, ansvarleg for å betale rekningar, avslørte at det ikkje stemte. Rekninga var betalt. Etter x antall telefonar og besøk på kontoret til straumselskapet vart det ordna. Normisjon har seld to eigedomar i Bafoulabé. Problemet er at dei som har kjøpt desse eigedomane ikkje har klart å registrere desse eigedomane i sitt eige namn. Vi har påpeikt dette fleire gonger! Men når dei ikkje betalar rekninga si, og vi får deira rekning tilsend, i og med at det er registrert på oss, så blir straumen kutta. Forvirra, du er ikkje åleine om det. Siste kapitelet i denne soga er ikkje skrive.

Ei viss trøyst er det å sjå at EDM, det maliske straumselskapet, også vågar å ta tak i andre. Eg las nettopp at dei hadde kutta straumen både til nasjonalforsamlinga og til fleire departement på grunn av manglande betaling! Begge partar skunda seg å betala noko, og lova bot og betring for framtida! Det er ikkje lett å arbeide for EDM og stadig sjå at rekninga ikkje er betalt. Det å kutte straumen er jo ikkje direkte populært. Det er godt dei vågar å både ta Jørgen Hattemakar og Kong kven det no er. Er det noko som er frustrerande for mannen i gata i Mali så er det forskjellsbehandling og korrupsjon.

Sekokoto

Eg likar meg godt i vakre kyrkjer og katedralar, men det er vel knapt noko som slår det å feire gudsteneste ute under den store uendelege katedralen. For eit par veker sidan fekk vi, ein gjeng på fem mannfolk som skulle til Bamako for å delta på eit møte, ei flott oppleving i Guds katedral. Det vil seie, vi gøymde oss delvis for den vakre sola. Det var vel om lag 40 grader i skuggen den dagen så vi fekk stolar og benker å sitje på under nokre tre. Men himmelen var synleg og vakker. Seko Keita er evangelist og leiar i den vesle kyrkja i Sekokoto. Denne dagen fekk vi høyre om Jesus som reiser opp den nedbøygde og knuste. Aadama Bah tala, og etter talen var det tid for dåp. Tre born og ein vaksen mann vart døypte denne dagen. Vi fekk oppleve at vi fekk nye søsken og den lokale kyrkja fekk fleire medlemmer. Døypefonten var ein slitt men vakker hirsemortar og vatnet var i eit vakkert fat. Jenta på bildet lurte nok på kva som skjedde? Heldigvis er Guds nåde for alle, store og små, og hans nåde får vi del i om vi forstår den eller ikkje. Vi kan berre ta imot.

Tryggleikspolitikken

Etter fleire veker i Oussoubidiania og Goundara var det kjekt å kome ned til Bafoulabé. Vi var ein heil gjeng som drog saman for å delta på kyrkjemøtet. Då vi kom fram til bibelskulen var det ein leiar i kyrkja som var tydeleg på at det eg hadde gjort var på grensa av kva som var lurt. Han hadde sjølv nyleg vore på eit kurs i Kayes, regionhovudstaden, der hadde han fått høyre at Oussoubidiania og Goundara er raud sone. Faren for kriminalitet og angrep frå islamistiske organisasjonar er for store til at ein kan anbefale kvite å bu der fast. Medan vi var samla til misjonærkonferanse i Bamako fekk vi høyre at ei katolsk nonne var kidnappa i Koutiala. Byen ligg ein god del aust for Bamako. Her er gjengen som var samla til konferanse i Bamako i år.

Medan eg skriv dette ser eg i Jeune Afrique at det var trefningar mellom lokale jegerar og fulanarar midt i Mali for to dagar sidan. Åtte drepne og 13 skadde. Nesten kvar veke les vi om angrep på den maliske hæren. FN skriv og om at det er eit svært krevjande oppdrag dei har i Mali. Samstundes ser vi signaler som gir håp. No har ulike militære grupper og hæren såvidt byrja å arbeide saman. Den tjuesjuande mars til den andre april skal dei prøve å organisere ei stor samling for å drøfte fredsarbeidet i Mali. Å skape fred er krevjande, men utan samtalar, utan møter ansikt til ansikt som skaper gode relasjonar, og forståing mellom menneske vert det ikkje fred.

Og er det noko Mali treng er det fred. Ein god fred og eit vel fungerande land som kan skape håp om ei god framtid. VG skriv i dag at ein fryktar at 250 menneske er drukna i skrøpelege farkostar utanfor kysten av Libya. Unge menn dei fleste av dei, og ikkje utenkeleg at ein del av dei kjem frå Mali. Eit land prega av uro og til dels krig, korrupsjon og arbeidsløyse gjev god grobotn for draumen om eit betre liv ein annan stad.

Ne pars pas en mer.

Ikkje dra på havet, er ein organisasjon som nokre unge menn frå Oussoubidiania har starta. Dei har mista venner, kjende i ørkenen og på havet. Draumen deira er å skape eit godt liv i Oussoubidiania og i området. Det første dei har fått til er ein hage for å vise at ein kan få til noko når ein går saman. Dei er bra organiserte, interesserte kan melde seg inn og bli medlem. Dei drøymer om å få til kurs lokalt i sveising, snekring, elektrisitet, hagebruk mm.  Her frå hagen med Osman som vatnar.

Fuglasong både her og der

Nyt våren. No vaknar eg av at fuglane syng utanfor huset vårt. Det minner meg på kor  fantastisk det var å vakne til flott song frå fuglane medan eg var i Goundara. Nokre morgonar gjekk eg meg ein tur i grålysninga på jakt etter ryper, då kunne ikkje naturopplevinga bli stort betre. Eg gjekk og sette meg ned ein stad der eg trudde det kunne dukke opp ei rype. Om det kom ei rype eller ikkje betydde ikkje så mykje. Rundt meg song fuglane, insekta surra og det var gode lukter. Der eg sat var det enno godt med tørt gras som då tidleg om morgonen framleis vart fuktig, og det luktar så godt. Det er lukke det, å sitje slik, høyre på fuglesong og insekt surr, kjenne angen av gras og tre, sjå sola som sig nedover fjellsidene og i tillegg ha spenninga med å høyre rypa som nærmar seg. Det vart ikkje mange rypene dei morgonane men det var gode stunder der eg kunne takke Gud for så mangt.

Gjermund Lygre

Regntida har byrja

18 juni 2015

Ein broder i Kita området melder om at det har kome fleire regnbyer. Det gjer godt når det er varmt. Ein kollega i Bafoulabé sa at det er lite triveleg å stå opp når det er 40 grader klokka seks om morgonen. Eg slit ikkje med å vere einig med han i det!

Regnet betyr at ein ny sesong med mykje arbeid byrjar. Åkrar må klargjerast viss dei ikkje allereie er det. Dei må vere rydda og gjødsla i ei eller anna form. Slik at åkrane kan såast med mais, hirse, ris osb. når nok regn har kome.

Det er godt når regnet kjem og kjøler ned ein heit dag. Det beste er om det kjem om ettermiddagen så heile kvelden og natta vert god. Eg kan enno minnast skuffelsen når alt tilsa ei god regnskur, himmelen som mørkna, vinden som varsla regn, lukt av regn men berre nokre dråpar. Då kunne ein grine av skuffelse. Når temperaturen er på 45 grader og du har sett fram til regn og gleda deg til å få ei stund med gode temperatur og ingen ting skjer då er ikkje livet godt å leve ei lita stund til ein er komen over skuffelsen.

Det er ikkje berre regnet som kan skuffe. Fredsavtalen som skulle underskrivast av alle parter fredag 15 mai vart ein skuffelse. Berre regjeringa og dei regjerings vennlege gruppene skreiv under på avtalen. Dei som vil ha meir sjølvstende for nord- Mali eller Azawad som dei kallar det, skreiv ikkje under. No er det håp om at avtalen kan underskrivast på laurdag den 20 juni. Vi håpar og vi ber.

Det har også dei siste vekene vore uroleg i Mali. Det har vore trefningar mellom ulike grupper. Den franske spesialstyrken Barkhane som jaktar på islamistar tok for nokre veker sidan 4 stykke i nord. To av dei hadde leiande roller. For eit tid tilbake køyrde ei kolonne frå Minusma-FN styrken på ei mine. Tre soldatar frå Burkina Faso vart skada. Det var militære og politi leiarar i kolonna. Visste terroristane om dette er spørsmål ein stiller seg!

Maliske aviser melder at det er fredelege demonstrasjonar i Kayes på grunn av mangel på drikkevatn i ein bydel. Infrastrukturen er for dårleg. I Niger, altså elva er det no vanskeleg å kome fram med større båtar i enkelte området på grunn av lite vatn. Dette gjer og at fiskebestanden har minka.

Miljø

Endringar i klimaet fører til at det gode fiske i Mopti området har blitt mykje dårlegare dei seinare åra. Fiske har blitt noko betre lenger sør. Mopti området har også vore eit godt område for jordbruk og kveg produksjon. Dette har og blitt forringa. Dette gjer livet krevjande for befolkninga i nord. Heile Mali opplever regntider som ikkje er så stabile som før seier forskerar.

Men det er moglegheiter fordi forskinga er kome langt og ein kan betre utnytte dei ressursane som er. Det er menneske som jobbar aktivt for å få til eit jordbruk meir tilpassa klimaet og meir miljøvenleg.

Det er meir og meir snakk om utvikling av kraftproduksjon ved hjelp av solcellepanel. Sør Afrika er i ferd med å få dette til og fleire og fleire land i Afrika ser dette som ein moglegheit. Eit problem er finansiering. Uro for statskupp og krig gjer at fleire med økonomiske musklar vegrar seg for å gå inn i land i Afrika. Eit argument for kraftproduksjon, og godt sal er at fleire og fleire land er kobla saman med kraftlinjer. Mali er no i alle fall  kobla opp til Senegal, Mauritania og Elfenbeinskysten.

Høyrde nett no på RFI om gode tall. Den økonomiske veksten i Mali var på over 7% i 2014!

Samlingar-vekst

No er det høgsesong for ulike samlingar rundt om i dei ulike distrikta i kyrkja. Kyrkja lever og kyrkja veks. Karim fortel at han har døypt fem stykke no i mai. Saman med Koda, rektor,  og Gimme var dei til ein landsby for to veker sidan. Der var det dåp av 9 stykker og dei feira nattverd. Det er gledeleg å sjå at kyrkja veks. Veksten skjer gjennom ordet som blir formidla gjennom radio, bibellesing, forkynning, kristne som deler tru og liv, undervisning, film, møteaksjonar for å nemne noko. Det er kjekt å høyre om tidligare bibelskuleelevar som tar ansvar, forkynner, deler liv og er med i vekst prosessen.

Landsbyar som har blitt lite besøkt dei seinare åra er no blitt besøkt. Mange er blitt oppmuntra og fått nytt mot. Det har også vore kurs for ungdomen i kyrkja i Bafoulabé. Alkohol og stoffmisbruk er blant tema som det har vorte undervisst om og drøfta.

 

Elles vil eg sterkt anbefale Therese Glendrange sin blogg. Ho skriv og fortel om korrupsjon i sin siste blogg. Vel verd å lese. ://glendrangeposten.blogspot.com/…/om-fifa-og-hverdagen…

Gjermund Lygre

Nytt år med bibelskule i Mali

12 februar 2015

Rektor Koda Solomon er glad for å vere i gong med eit nytt semester på bibelskulen. Han har tatt imot 4 elevar. Tre kvinner som går siste året og ein ung mann som går andre året. Det var håp om fleire elevar men slik gjekk det ikkje denne gongen.


Her er elevane og rektorparet. Koda til venstre, nr to frå venstre vart ferdig i fjor så er det Deborah kona til Koda.

Be om eit godt semester, god undervisning, godt fellesskap, modning og vekst.

Dei er no godt i gong med semesteret fortel Karim som var innom i ettermiddag for ETD, undervisning. Det er ein enkel form for undervisning med spørsmål og svar som skal skrivast og gjennomgåast saman med Karim i dette tilfellet.

Nord- Mali.
Det er stadig vekk alvorlege episodar i Nord-Mali. I går vart det rapportert at ein soldat er død og fleire skada. Minst 4 opprørerar er eliminert. Demonstrasjonar for og mot FN styrken har det og vore i seinare tid. Å forhandle fred i ein slikt klima er ikkje enkelt men nødvendig.
I dag var det demonstrasjonar mot FN styrken igjen og tre vart drepne i fylgje fleire kilder. FNstyrken vert skylda for å svekke grupper som støttar den maliske hæren i kampne mot rebellane.

Reise til Mali
Nå er eg reist til mitt andre heimland, Mali, for å ha litt undervisning på bibelskulen, besøkje og undervise litt i fleire distrikt og samtale med leiarar. Takknemleg for forbøn for familien som blir i Norge og for reisa og opphaldet i Mali. Det er roleg i sør og vest!

Helsing Gjermund Lygre

Stor glede

22 desember 2014

Tidleg i dag høyrde eg på RFI, ein fransk nyheits kanal. Der fortel dei at i dag den 16.12 er Mali så å seie erklært fri for ebola. Dei som har vore i isolat er nå reist heim. Maliske helse myndigheitar og Verdens helseorganisasjon er optimistar. Seks menneske har dødd av ebola, på to som hadde ebola har behandlinga virka positivt. Dei har fått vende heim til familiane sine.

Det vil fortsatt vere høg beredskap. På grensa mot Guinea er det kontrollar. Myndigheitene ber fortsatt befolkninga om å vere i høg beredskap. Det er ikkje alle som trur på ebolaepidemien, heller ikkje i Mali men heldigvis tar dei fleste råda frå helsemyndigheitene på alvor.

Ellen Shirleaf Johnson er president i Liberia. Ho gav eit flott bilete på korleis det går i kampen mot ebola for ca to veker sidan. Før sprang ebola-en etter oss, no spring vi etter ebolaen. Ho trakk og fram at dei som var heltane i denne kampen var blant alle dei over 200 legane og anna helsepersonell som hadde ofra livet for å redde andre.

Fredsforhandlingane er no sett på venting til januar. I mellomtida har nokre av partia/organisasjonane som forhandlar med myndigheitene tatt avstand frå dei som ber om for mykje sjølvstende, om ein føderal stat med namnet Azawad mm. Forhandlingane skal etter planen takast opp att i januar. Partane blir pressa på at dei må kome til einighet snart av Frankrike og andre. Franske styrkar har vore aktive i periodar heile året og no dei siste vekene har dei hatt ein ny aksjon heilt nord. Ein av islamistleiarane er eliminert den siste veka. Sidan august er over 60 eliminert i nord-Mali og Niger.

Bibelskulen
Koda Solomon, rektor på bibelskulen, fortel at dei nett har hatt nokre kurs på bibelskulen og no er opptekne av å rekruttere nye elevar. No har dei seks kandidatar. Koda ber om forbøn for desse seks. No er han og styret i tenkeboksen på om dei skal leggje om opplegget noko. Fram til no har ein rekruttert nye elevar kvart år. Dette har ført til at nye elevar har gått saman med dei gamle då undervisningsopplegget har rullert over tre år. Dette har hatt sine svake sider. No vurderer dei å gjere det slik at dei tar opp seks elevar som dei fylgjer i 3 år for så å ta opp nytt kull. Han bad om forbøn også for å kunne ta dei gode avgjerslene i dette.

I romjula skal dei ha leir over eit par dagar på bibelskulen. Først hadde dei tenkt å ha ein stor leir for alle dei 4 distrikta i kyrkja. På grunn av ebolafaren bestemte dei å dele desse samlingane meir opp. No kjem tenåringane frå Oussoubidiania området og slår seg saman med dei frå Bafoulabé området. I Tambaga og Bamako vil dei ha eigne samlingar.

Guri Enger, skriv i ein mail som og ligg som blogg om at kyrkjelyden i Oussoubidiania vil støtte ein tidligare elev på bibelskulen slik at han kan gå og ta ei pastorutdanning ein annan stad i Mali. Flott å sjå at både elevar og kyrkjelydar tar steg mot større ansvar.

Fulanerarbeidet
Aadama fortel at han drøymer om å opne eit bibliotek i Diokeli. Det er ein stor landsby 20 km før ein kjem til Manantali. Ein av våre kamerunesiske kollegaer er med og støttar ein liten kyrkjelyd i denne landsbyen. Det er også ein del fulanarar som bur i området der. Nomadane som har vore i nord for å dyrke er no på veg sørover fortel Adama men dei er ikkje komne heilt sør til Bafoulabé området enno.

Han ber oss stadig om å be for radioarbeidet. Det er mange som lyttar. Kyrkjelyden i Mahina er ikkje stor, men lever. No ser dei og fram til julefeiring. Mange plar delta. Be også for dette. Bilde av Oumar ved eit lite bibliotek på bibelskulen. Han er sjølv i Benin på bibelskulen.


Mvh Gjermund Lygre

Krevande dagar i Mali

04 november 2014

Som de har sett i norske medier har ebola-epidemien også kome til Mali. Ei lita jente på to år døydde forrige fredag. Med ein gong det vart kjent at jenta ho hadde ebola tok maliske helse myndigheter affære raskt. Dei isolerte ho og familiemedlemmene. I tillegg leita dei etter og fann dei om hadde reist med ho frå Guinea. No er over 40 personar i karantene. Enno har dei ikkje registrert fleire tilfelle. No håpar alle at dei skal klare å meistre situasjonen slik at det ikkje kjem ut av kontroll. Mange menneske er redde i Kayes regionen kor jenta døydde. Folk har slutta å handhelse på kvarandre. Enkelte foreldre tør ikkje sende barna på skulen. På alle offentlege bygningar og hotell mm har dei installert desinfiserande midler.

I Bafoulabé er også folk redde og som i Kayes helsar dei kun muntleg på kvarandre. Folk går mindre ut og enkelte held seg borte frå store samlingar. Også i kyrkja merkar dei dette.

Vanskelege fredsforhandlingar
No er det 3 runde i fredsforhandlingane. Det er krevande samtalar, kanskje meir krevande enn først tenkt. 3 av gruppene ved forhandlingsbordet har no slått sine militære styrkar saman og skal skape ro. Dei klagar på at den maliske hæren angrip deira styrkar, noko som blir benekta frå militære myndigheiter. Det er mange stemmer som talar og uvisst kor lang tid det kan ta før ein kan klare å skape forståing og ein god fred.

Angrep frå islamistiske grupper
Franske styrkar har dei siste dagane vore i kraftige kampar mot islamistiske grupper i fjellområder i nord.. Ein fransk soldat vart drept i trefningar natt til onsdag og over tjue islamistar er eliminert. Fleire av desse islamistane seier at dei er ein forlenga arm av IS/Isil i Irak. Dette seier noko om at det er mange som deler draumen om ein islamistisk stat a la den dei prøver å få til i Irak/Syria. Tidligare i haust stoppa franske styrkar i Niger islamistiske grupper på veg til Mali med over tre tonn med våpen.

Dårleg regntid nord
Nyleg melde franske medier at regntida i år har vore til dels svært dårleg i nord, mellom anna i Gao området. Regnet har uteblitt i for lange periodar og kome i for små mengder slik at det ikkje blir noko å hauste inn for alt for mange bønder. Dei går tøffe månader i møte.

Lenger sør og i vest er det noko meir blanda. I nokre områder er dei nøgde, andre middles nøgde.

Burkina Faso
I nabolandet Burkina Faso er det spennande dagar. Noverande president Blaise Compaore, som har vore president i 27 år, vil saman med sine støtte spelerar endre grunnlova slik at han kan stille til val endå ein gong. Dette er opposisjonen sterkt imot og det er store demonstrasjonar i hovudstaden. No er det også drepne i samanstøytar mellom demonstrantane og politistyrkane. Dette skjer diverre litt for ofte i ein del afrikanske land.

Bibelskulen
Koda Solomon sa i går at dei lever godt på bibelskulen. Borna har byrja på skulen att etter ferien. Dei plar byrje i begynnelsen av oktober. I Bafoulabé er dei ikkje heilt nøgde med regntida men i går morges kom det ei bra regnbyge som nok gjorde godt for dei som kom litt seint igong med å så.

No er det tid for eit viktigt komitemøte i bibelskulekomiteen. Han ba om forbøn for det. Rekruttering, planlegging av vårsemesteret mm er viktige saker.

I kyrkjelyden i Bafoulabé har dei nett hatt eit kurs for kvinnene, no står ungdomane for tur. Det har vore ein del uro i kyrkjelyden men no er det roligare og pastoren som var suspendert er no tilbake i jobb.























Haust i Mali

03 oktober 2014

No er det pause i fredsforhandlingane i Mali som foregår i Algerie. Dei ulike partane er heime i Mali for å ta del i den store sauefesten eller Id som er ei av muslimane sine store høgtider. Sjå meir om denne på Therese Glendrange sin blogg. Det er ein god tone i forhandlingane og optimisme å spore. Håpet om ei løysing som alle partar kan leve med er til stades. I nord Mali er det forholdsvis uroleg. I september har 10 FN soldatar frå Tchad omkomme på freds oppdrag. Islamistane har lagt ut ein del miner og dei omkomne har køyrt på miner. Nokre bortføringar har det og vore i seinare tid.

Mange hadde stor tru på IBK, som vart vald som president i fjor. No eit år etter valet er det ei aukande misnøye over løfter som ikkje er oppfylde. Den første generalstreiken var i august. Norge har vedtatt å hjelpe til med gjenoppbygginga av infrastrukturen i nord-Mali med 1,5 millionar dollar. Dette er viktig for å kunne setje handling bak fine ord om gjenoppbygging av både helsevesen, skular, og offentlege institusjonar. Ebola epidemien i nabolanda er ikkje under kontroll. I Sierra Leone slit dei svært i desse dagar. WHO, Legar utan grenser og Redd Barna er svært bekymra for situasjonen.

Regntid
Regntida er god. Tenk deg ein familie der mor og far har slitt med å gi borna sine nok mat dei siste månadane. Til tider har dei kun kunne gitt borna 2 måltider, enkelte dagar berre eit måltid. No gler dei seg storleg over den gode regntida. Maisen er moden,  borna kosar seg med fersk mais lett svidd på den vesle grillen. Smilet og gleda er på plass og hungeren er på retur. Hirsen står og modnar, peanøttåkeren ser bra ut. Framtida er lys. Det gir glede og optimisme for slitne foreldre. Slik er stoda no.  

Bibelskulen
På bibelskulen har Koda Solomon og dyrka. Han har hatt uventa og utriveleg besøk fire gonger.

IMG_20140806_175935.jpg

Eg veit ikkje om han har fått laga seg middag av denne solide slangen. Den kan vere god! No er Koda på reisefot til Bamako for å arbeide med rekruttering i dei 4 kyrkjene der. I november vil han ta ein tur til dei andre distrikta for å oppmuntre leiarane til å jobbe med leiarutdanning og be dei om å hjelpe aktuelle kandidatar til bibelskulen slik at dei kan bli klar til semesteret opnar i januar. Saman med Karim Fofana som er pastor i kyrkja i Bafoulabe skal dei og ha eit par kurs i kyrkja, for ungdomane, for kvinner og for heile kyrkja.

I fulaner arbeidet er det roleg i og med regntida. Oppfylgjing av enkelte kristne står no høgt på agendaen. Elles så går radiosendingane som vanleg.  Oumar Diallo er reist til Benin for siste året på bibelskulen.

 

 

Det kan bli fred i Mali

21 august 2014

Tidlegare i sommar vart dei ulike partane i konflikten i nord-Mali einige om å møtast no midt i august til fredssamtalar. Den gongen vart dei kin einige om tidsrammene. Dette skjeddde, skal skje i Alger i Algerie. Det er mange skjær i sjøen, men det er eit visst håp om å kunne klare å bli einige om vegen vidare for korleis dei nordlegaste regionane skal styrast. Dei vil ikkje få sjølvstende men vil kunne få noko meir lokal styringsrett.

Flyktningar
Aliou fortel at over 60 menneske frå Oussoubidiania og Goundara områda, drukna i sommar medan dei var på veg over til Italia. Fleire frå andre nabo-kommunar har og omkomme på havet i sommar, mellom anna frå Selinkegni og Mahina. Dei ville prøve å skaffe seg ein jobb i det dei trudde var ein betre verden. Men dei kom aldri så langt at dei fekk prøve seg i den nye verda.

Dette skjedde som nevnt tidlegare i sommar men først i førre veke fekk familiane vite om det. Det har vore vonde og krevande dagar fortel Aliou. Dei fleste var unge menn med livet foran seg. Menneske vi som har budd i Oussoubidinia og Goundara og kjenner. Nesten dagleg kan ein høyre eller lese om flyktningar som får hjelp eller druknar. Den italienske marinene fortel at dei berre i løpet av helga som var berga 2000 menneske frå å drukne i middelhavet. I Marokko og Algerie er det og mange som prøver å kome seg til Europa i skrøpelege farkostar. Mange døyr, mange vert berga.

Aliou fortel og at minst 8 menneske frå Goundara området nyleg vart drepne i krigen i Libya. Ei bombe traff huset der dei budde.
Vi ser at Normisjon sitt arbeid med Helsehagen som vert leia av Demba Diallo er viktig for dei bidrar til å gje folk tru på ein betre kvardag der dei bur. Vel kan det vere betre andre stader men livet kan og levast godt i Oussoubidiania kommune.


Kvart år er det store spørsmålet når regntida kjem? Blir det ei god regntid? Kjem det nok regn i passe dosar? I år har det kome ein del regn, men regntida er ikkje like god alle stader. Ei stund var det lite regn i Oussoubidiania området, men no har det kome godt med regn. Seinast for to dagar sidan kom det over 60 mm. No er det travelt på åkrane. Alle mann er i arbeid.

Store utfordringar for ungdomen
Mange ungdommar jobbar hardt gjennom året for å klare å stå på eksamenane og klare å kome seg vidare frå ungdomsskule til vidaregåande, frå vidaregåande og til høgskular. Dette året snakkar dei om at det var 14-15 % som klarte krava på videregåande. Resten må gå om igjen eller så gir dei opp.

Akkurat no er alle Normisjon sine misjonærar heime i forbindelse med ferie og jobb. Det nærmar seg utreise for fleire. Men arbeidet i Mali stoppar ikkje opp av den grunn.
På bibelskulen er det forholdsvis stille no. Elevane reiste heim i april. Rektor Koda, kona Deborah og borna bur på bibelskulen. Borna deira har nå skuleferie. No jobbar dei på åkrane sine. Alle, små og store «jobbar», strevar, kosar seg stadig med å lære meir av språket og kulturen.

Aadama fortel at fulanerarbeidet no er inne i ein rolegare periode. Lese og skriveopplæringsarbeidet har no pause då dei fleste nomadane no er heime og dyrkar. Kyrkjelyden møtest regelmessig til gudsteneste og radioarbeidet går som vanleg.