Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Minileir på Fjordly

Minileir på Fjordly

Velkomen til Minileir på Fjordly i juni. Dette er ein leir som er spesielt tilrettelagt for små barn, i tillegg til at det er opplegg for dei vaksne på kveldstid. Minileir er ein fin og trygg arena for barna, og det blir mykje kjekt for store og små!

Starter: 22.06.2018 18:00:00 Slutter: 24.06.2018 16:00:00

Alder: 4 år - 3. kl., med følgje

Pris: barn: 690,-, vaksne: 850,-

Bli medlem i leirklubben for kr. 50 per år. Fordelen er at du får 50 kroner i rabatt for kvar leir du deltek på i løpet av året! 
Du kan melde deg inn ved innkvarteringa på leiren.

Leiren finn stad på Fjordy Ungdomssenter - leirplassen vår på Totland/Bryggja i Nordfjord (KART). 

Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde med båtar, kanoar og god plass til kjekke aktivitetar.
Hovudbygget byr mellom anna på bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, ei koselig peisestove for peiskos og aktivitet, møtesal, matsal, god mat og mykje anna! 

 

Bilete og artiklar frå leirane og info om nye leirar finn du på www.acta.as/sof