Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Tjueein år på Høgtun


Eigentleg var Torvikbukt ein treårs-plan for Bjarte og kona, Siv. No er Bjarte snart ferdig med sitt tjueførste år på Høgtun, og det siste året har den sindige Bergensaren gått over i stilling som rektor for skulen.

Etter at Edgar Fredriksen sa frå seg si stilling som rektor ved Høgtun fhs vart Bjarte Grøteide tilsett som ny rektor. Til tross for at Bjarte og kona Siv eigentleg berre tenkte seg ein periode på tre år i Torvikbukt er han no straks ferdig med sitt tjueførste år på Høgtun. Han og familien har slått rot i Torvikbukt, med fire ungar som har fått vakse opp i ei lite, men aktivt lokalsamfunn. I Mai er hans første år som rektor over og den rutinerte folkehøgskule-læraren sitt igjen med mange nye erfaringar og tankar etter sitt første år i stillinga.

- Det å vere rektor er ein ganske krevande, givande og mangesidig jobb. Det er mange å forholde seg til - elevar, foreldre, ansatte, leverandørar, telefonselgarar, styret m.fl. Det positive med dette er at så mange har ei positiv innstilling til Høgtun. Det er mykje god vilje for Høgtun! Erfaringa er og at eg har mange dyktige medarbeidarar rundt meg!

 

- Kva tenker du er Høgtuns styrke i folkehøgskulelandskapet?

Eg seier som eigedomsmeglarane; Det er tre ting som er viktig: «beliggenheit, beliggenheit, beliggenheit.» Høgtun ligg utruleg bra til - mange kan misunne oss den geografiske plasseringa! Fjell, sjø, idrettsmuligheter, turmuligheter også vidare. For mange elevar er det uvant til å begynne med at det er så stille og fredelig her - det oppleves etter kvart svært godt! For det gode miljøet er det ingen ulempe at det er eit stykke til næraste by. I tillegg er det ein styrke at vi har mange rundt oss på nordmøre og i romsdalen som er glade i Høgtun. Det er verdifullt og viktig!

 

- Kva type leiar tenker du sjølv at du er?

- Eg prøver å vere inkluderande, men likevel tydelig. Som tidligare ballsportlærar synes eg det er viktig å spele på lag. Vi har ulike roller og oppgaver på ein folkehøgskule, men alle oppgavene er viktige om kvardagen skal fungere. Eg vil gjerne at alle ansatte og elevar skal trivast her på Høgtun!

 

Normisjon er stolt medeigar i Høgtun Folkehøgskule. Du kan lese meir om skulen her: www.hogtun.no