Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nyopning: Galleri Askøy Normisjons største bruktbutikk

Foto: Lillian Dombestein

Under strålande vårsol opna Normisjons bruktmarked i Strusshamn på Askøy dørene til ein nyoppussa og utvida butikk. Senterleiar Rolf Guldberg fekk æra av å klippe den raude snora inn til den nye avdelinga for klær og sko for barn og vaksne. – Eg er imponert over den arbeidsgleda medarbeidarar på 70 + legg for dagen, sa Guldberg.

 Senterleiar Rolf Guldberg på Strusshamn senter fekk æra av å klippe den raude snora. Til høgre, styreleiar i Galleri Normisjon Askøy, Asbjørn Risa. Til høgre, medarbeidar Liv-Helga Gulestøl. 

Alle frammøtte samla seg rundt den raude sløyfa som blei halden tvers over den nye døropninga  inn til avdelinga for klær og sko for barn og vaksne av medarbeidarane Ingunn Uthaug og Asbjørn Risa. Senterleiar Rolf Guldberg fekk ordet og saksa. Han rosa medarbeidarane for den store innsatsen og det gode humøret dei legg for dagen i arbeidet.
 - Eg slit med å få 25-åringar til å bære sofaer i Fagmøbler som eg driv, men her er det folk på 70 + som bær på tunge skap og sofaer utan å klage. Guldberg la også vekt på at Galleri Normisjon Askøy gjer Strusshamn senter til ein varmare stad å vere.

Rundt 40 vaksne og dessutan  20 barn frå Strusshamn barnehage møtte opp til nyopning av bruktmarkedet torsdag 12.april klokka 11. Spente medarbeidarar har stått på i månadsvis med oppussing av nytt lokale, utstilling og prising av varer i heile butikken som med eit lager no kan boltre seg på 465 kvadrat. Butikken er dermed den største i Galleri Normisjon familien.

Etter at dagleg leiar for Galleri Normisjon, Lillian Dombestein hadde ønskt velkommen og halde sin tale, tok regionleiar i Normisjon region Hordaland, Kristian Bjørkhaug, ordet og takka dei 40 medarbeidarane som er engasjert i bruktmarkedet for stor innsats og glød for misjonsarbeidet i regi av Acta i Hordaland som får størstedelen av overskotet butikken gir. – Utan denne bruktbutikken hadde det vore langt vanskelegare for oss å arrangere leirar og drive det Soul Children arbeidet vi har i dag, sa Bjørkhaug.

Ein ekstra spiss på seremonien sette Marianne Juvik Sæbø som bidrog med vakker song – både vårsong og ei musikalsk bøn. Også ho stilte opp på dugnad til stor glede for både vaksne og dei 20 borna frå Strusshamn barnehage som heile tida sat som tente lys. Seinare handla ho nye klær i butikken og viste fornøgd fram resultatet til fotografen.

 

u

Leif-Ove Olaisen stilte med blomster og helsing som representant frå eigar/utleigar av lokalet.
 - Eg blir både rørt og imponert når eg ser kva de har fått til her, sa Olaisen.  Asbjørn Risa og Terje Sture har vore primus motor for sjølve oppussinga av det nye lokalet. Alt er gjort på dugnad. Til saman har Galleri Normisjon Askøy rundt 40 frivillige medarbeidarar. Butikksjef er Per Ove Uthaug. 
 Olaisen uttrykte begeistring over å ha ein bruktbutikk som Galleri Askøy som del av Strusshamn senter. 

Frivillige medarbeidarar i Galleri Normisjon Askøy på opningsdagen 12.april.

Etter opningsseremonien kunne ein invitere små og store på deilige kaker, kaffi og kaker. Handelen gjekk unna utover dagen og mange kundar nytta høvet til å handle klær og sko i den nye butikken.

Sjå fleire bilder frå opninga i galleriet under her.